Nanometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nanometer er ei SI-eining avleidd av meter og blir brukt til å måla svært små lengder. Ein nanometer er lik 10−9 meter. Symbolet for nanometer er nm.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Nanometer blir ofte brukt til å måla bølgjelengder av synleg lys, ultrafiolett stråling og gammastrålar.

Eitt sukrosemolekyl er om lag 1 nm langt, noko Albert Einstein rekna ut.

DNA-spiralen er rundt 2 nm i diameter.

Konvertering[endre | endre wikiteksten]

1 nm = 1000 pikometer
1000 nm = 1 mikrometer