Linda Grubben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Linda Grubben

Linda Tjørhom 2006.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. september 1979
Stavanger kommune
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar

Linda Grubben (fødd 13. september 1979) er ein tidlegare norsk skiskyttar på elitenivå. Grubben la opp etter verdsmeisterskapen i Anterselva i 2007, der ho vann ein gull-, ein sølv- og ein bronsemedalje.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Linda Grubben, opphavleg Tjørhom, vart fødd i Stavanger og voks opp på Tjørhom i Sirdal kommune. Tjørhom gjekk på Sinnes skule i 9 år, og sykla ofte til skulen. Slik la ho grunnlag for ei idrettskarriere. Ho byrja med skiskyting då ho var kring 12 år gamal, etter å ha drive med langrenn i fleire år.

Etter grunnskulen flytta ho 3 mil til kommunesenteret Tonstad, for å gå på skigymnaset Sirdal VGS. Det var her ho møtte læraren Roger Grubben, som ho seinare vart sambuar og gifta seg med. Som elev ved Sirdal VGS fekk ho ei god utvikling i sporet, og ikkje minst på standplass der hennar styrke låg. Ho tok eit fjerde år ved skulen for å kunna konsentrera seg meir om skiskyting, og samstundes få gode karakterar. Seinare vann ho gull i junior-VM på stafett, saman med mellom anna Gro-Marit Istad Kristiansen.

Tjørhom har vore på det norske elitelaget frå 2000. Samstundes som ho har satsa på skiskytinga har ho utdanna seg som førskulelærar, ved høgskolen i Sør-Trøndelag. Ekteparet Grubben er busett i Sirdal.

Merittliste[endre | endre wikiteksten]

Berre topp 3-plasseringar er tekne med. Både stafettresultat og individuelle resultat vert medrekna.

Olympiske leikar

  • 1 sølv (2002)

VM i skiskyting

  • 2 gull (2004, 2007)
  • 2 sølv (2006, 2007)
  • 2 bronse (2005, 2007)

Junior-VM i skiskyting

  • 1 gull (1997)
  • 3 sølv (Eit i 1998 og to i 1999)
  • 1 bronse (1999)

Verdscupen i skiskyting, enkeltrenn

  • 12 sigrar
  • 7 andreplassar
  • 14 tredjeplassar