Linda Sæbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linda Sæbø
Statsborgarskap Noreg
Yrke geolog

Linda Sæbø er ein norsk geolog og bloggar. Ho arbeider som geolog i Stavanger og er fødd på Halsnøy i Sunnhordland. I 2011 vart ho kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum. Ho fekk utmerkinga for bloggen Den gode feen, der ho skriv om interiørstoff på nynorsk.

I 2010 vart ho av Dagbladets søndagsmagasin og interiørkjeda Kulør kåra til den beste interiørbloggaren i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]