Lindesnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lindesnes fyr ligg heilt sør på Lindesnes.

Lindesnes er ei halvøy i Lindesnes kommune i Agder. Her ligg Noreg sitt sørlegaste punkt på fastlandet, 57°58'46"N. Avstanden til Kinnarodden, det nordlegaste punktet på det norske fastlandet, er 1752 km.

Spangereidkanalen tvers over Lindesnes var ferdig grave ut 21. juni 2007, definerte Statens kartverk neset om frå å vere ei halvøy til å vere ei øy. Det sørlegaste punktet på det norske fastlandet vart då staden Odden på nordsida av Skjernøysund, om lag 4 km søraust for Mandal by i Mandal kommune (58°00'12,599"N; 07°30'47,689"Ø). Men i februar 2008 omgjorde Statens kartverk denne avgjerda, og på nytt vart sørspissen av Lindesnes det sørlegaste punktet på det norske fastlandet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]