Hopp til innhald

Linjedans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amerikansk linjedans i Rácalmás i Ungarn.

Linjedans er ein koreografert dans der ei gruppe folk dansar saman, og dansarane står på ei eller fleire linjer i grunnforma av dansen.[1] Desse linjene vender vanlegvis i same retning, men kan også vera vende mot kvarandre.[2][3][4] Dansarane er typisk ikkje i fysisk kontakt med kvarandre. Dansetypen skil seg dermed frå ringdans, der dansarane held kvarandre i hendene eller liknande og er vende mot kvarandre i ein ring. Han skil seg også frå solodans, ettersom dansarane som regel følgjer dei same trinna, og pardans.

Linjedans er ein av dansetypane avbilda i førhistorisk kunst.[5] Mange eldre europeiske folkedansar var linjedansar, der menn og kvinner vanlegvis dansa i kvar sine linjer.[6] Den populære arabiske folkedansen dabke kan vera ein linjedans.[7] I Kina er paiwu (bokstaveleg 'linjedans') blitt ein populær dans for grupper som kjem saman på offentlege plassar og i parkar.[8]

Moderne amerikansk linjedans eller line dance er blitt utbreidd over heile verda.[1] Han utvikla seg som ein country & western-dans,[9] og blir gjerne framført i western-inspirert utstyr som cowboyhatt, dongeribukse og ruteskjorte. Linjedans av denne typen er blitt populær verda over. Denne typen dans er knytt til country & western-musikk, men ein kan dansa han til ei rekkje musikkstilar, som pop, rock, R&B og country.

Med visse unntak består amerikansk linjedans av ei rad trinn som blir repeterte fleire gonger frå starten til slutten av ein melodi. Typisk består dansen av 32, 48 eller 64 taktslag av musikken, før ein starter frå byrjinga att med dei same trinna. Ein kan utføra sekvensen i same retning gjennom heile songen, snu seg 180° og utføra han i to retningar, eller snu seg 90 ° grader før kvar repetisjon og utføra dansen i fire ulike retningar.

Mange linjedansar er knytte til ein særskild song, som macarena, knytt til låten med same namn, electric slide som er knytt til songen «Electric Boogie» frå 1982, eller Fugledansen, knytt til «Der Ententanz» frå 1957.

Linjedansen madison.

Opphavet til moderne amerikansk linjedans er ikkje lett å spora.[4][3] I stor grad har veksten og populariteten til dansen vore knytta til country og western-musikk.[4]

Det er sannsynleg at nokre av stega og terminologien som blir nytta i moderne linjedans oppstod frå dansane som blei førte til Nord-Amerika av europeiske innvandrar på 1800-talet.[3][4] Han har nokre likskapar med kontradans, som til skilnad frå linjedans blir dansa i par. I løpet av 1860- til 1890-talet byrja stilen som seinare blei kalla country-western-dans å utvikla seg frå desse føregåande dansane. Skular i USA byrja å inkludera dans, særleg folkedans, i gymtimar på 1900-talet, noko som hjelpte denne typen dans til å bli utbreidd som ein sosial aktivitet. Soldatar som vende tilbake til USA frå Europa etter fyrste og andre verdskrigen førte også med seg europeiske tradisjonar som blei innlemma i dei amerikanske dansestilane.[3]

Stilutvikling på 1950- og 1970-talet

[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei fyrste verkelege amerikanske linjedansane var madison, ein dilledans som blei skapt og dansa for fyrste gong i Columbus i Ohio i 1957.[10] Den lokale populariteten til dansen i Baltimore i Maryland gjorde at produsentane av The Buddy Deane Show i 1960 og seinare andre danseshow synte han fram.[11] «San Francisco Stomp» frå 1961 oppfyller også definisjonen av ein linjedans.[12][13]

Under discotida på 1970-talet oppstod det mange nye dansestilar, inkludert mange linejedansar som var koreograferte til discosongar.[3][4] «L.A. Hustle», ein modifisert versjon av madison, byrja i eit lite diskotek i Los Angeles sommaren 1975, og kom til Austkysten (med modifiserte trinn) våren 1976 som «Bus Stop».[14][15] Ein annan linjedans frå 70-talet er nutbush, som blir dansa til Tina Turner-songen «Nutbush City Limits».[16][17] Den populære dansen electric slide, som er knytt til songen «Electric Boogie», blei skapt i 1976. Songen «Electric Boogie» blei opphavleg gjeven ut av Marcia Griffiths i desember 1982. Han blei skriven av Bunny Wailer for Griffiths, og nådde toppplistene på Jamaica i byrjinga av 1983. I 1989 blei songen remiksa og gjeven ut igjen, og denne gongen fekk han betydeleg internasjonal popularitet. Songen hjelpte òg til med å gjera electric slide-dansen utbreidd.[2][18]

Då filmen Saturday Night Fever kom ut i 1977 gav han disco og tilhøyrande dansestilar ei nytt høgdepunkt.[19]

Linedans til countrymusikk blei òg populært på denne tida, med to kjende dansar frå 1972: Walkin' Wazi og Cowboy Boogie.[2][20][21][22]

1980-talet til no

[endre | endre wikiteksten]
Linjedansarar i Neustadt an der Spree i Sachsen i Tyskland i 2009.

Filmen Urban Cowboy frå 1980 førte til ein trend for country og western-kultur, særleg dei tilknytte dansane, musikken og kleda.[3] Det blei laga over eit dusin linjedansar til countrysongar på 1980-talet.[16] Mange andre tidlege linjedanser var tilpassingar av diskolinjedans.[23] Fugledansen er eit døme på ein linjedans som blei teken i bruk under mod-gjenopplivinga på 1980-talet.[24]

Musikvideoen til songen «Achy Breaky Heart» av Billy Ray Cyrus i 1990 har fått æra for å ha gjort country-linjedans allment populært.[3][25][26][27]

På 1990-talet inspirerte den spanske songen «Macarena» ein populær linjedans.[28]

Max Perry, Jo Thompson Szymanski, Scott Blevins og fleire andre byrja å bruka selskapsdans og teknikkar frå denne for å løfta linjedans til neste nivå. I 1997 skapte musikkgruppa Steps vidare interesse utanfor USA med techno-dansesongen «5,6,7,8». I 1999 synte den amerikanske kleskjeda Gap Inc. reklamen «Khaki Country» under oscar-seremonien med dansarar som opptredde til Dwight Yoakam sin versjon av «Crazy Little Thing Called Love».[29]

Då Country Music Television kom til Europa, hjelpte dette på populariteten til dansane.[30][31] I 2008 fekk linjedans merksemd frå franske styresmakter.[32]

  1. 1 2 Conyers, Claude (2013). «Line dances» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-531428-1. {{cite journal}}: Cite journal requires |journal= (hjelp)CS1 maint: periodical has ISBN (link)
  2. 1 2 3 Knight, Gladys L. (2014). Pop Culture Places: An Encyclopedia of Places in American Popular Culture, s. 102. ABC-CLIO. ISBN 9780313398834.
  3. 1 2 3 4 5 6 7 Lane, Christy (2000/1995). Christy Lane's Complete Book of Line Dancing, s. 2-4. Human Kinetics. ISBN 9780736000673.
  4. 1 2 3 4 5 Zakrajsek, Dorothy; Carnes, Lois; and Pettigrew, Frank E. (2003). Quality Lesson Plans for Secondary Physical Education, Volume 1, s. 188. Human Kinetics. ISBN 9780736044851.
  5. ↑ Garfinkel, Yosef (2003), «The Earliest Dancing Scenes in the Near East», Near Eastern Archaeology, 66 (3): 85
  6. ↑ Conyers, Claude (2013). «Folk dance» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-531428-1. {{cite journal}}: Cite journal requires |journal= (hjelp)CS1 maint: periodical has ISBN (link)
  7. ↑ «Stomps. Stciks . Spins : ARAB FOLK DANCE with KARIM NAGI : Dabke . Saidi . Sufi». Karimnagi.com. Arkivert frå originalen 2019-03-07. Henta 2017-01-07.
  8. ↑ Chiayi Seetoo; Haoping Zou (2016). «China's Guangchang Wu» (PDF). The Drama Review.
  9. ↑ «OUI-Ha! France brings line dancing craze under state control - Times Online». Arkivert frå originalen 2008-07-12. Henta 2008-12-15.
  10. ↑ «Madison 1». www.columbusmusichistory.com. Henta 2021-08-27.
  11. ↑ Malnig, Julie (2008), Ballroom, Boogie, Shimmy Sham, Shake: A Social and Popular Dance Reader, University of Illinois Press, s. 192, ISBN 978-0-252-07565-0
  12. ↑ Teaching of Popular Dance. Virgil L. Morton. 1965. J Lowell Pratt & Company. pages 50-52. LoC# 66-29892
  13. ↑ «retrieved 1.2011». Renez.com. Arkivert frå originalen 2011-07-15. Henta 2011-05-31.
  14. ↑ The Complete Guide to Disco Dancing. Karen L. Lustgarten. 1978. Warner Books. page 86. ISBN 0-446-87943-6
  15. ↑ "The Bus Stop is a new version of a group dance called the Madison" according to Ebony Jr. Nov 1978 page 27
  16. 1 2 Marayong. «History & definition of linedancing». Roots-boots.net. Arkivert frå originalen 2007-05-13. Henta 2011-05-31.
  17. ↑ Baxter, Lauren (1. februar 2019). «WTF Australia: Turns Out We Are The Only Country That Does The 'Nutbush' Dance». The Music (på engelsk). Henta 31 August 2019.
  18. ↑ Silver, Ric. «This is 'The Electric' - The Complete Choreography». The-electricslidedance.com. Henta 2016-11-30.
  19. ↑ «original step sheet» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 2011-06-23. Henta 2011-05-31.
  20. ↑ «more on "early history" on Walkin Wazi». Dorisvolz.com. Arkivert frå originalen 2011-07-10. Henta 2011-05-31.
  21. ↑ «Archived copy» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 2008-07-04. Henta 2008-12-24.{{cite web}}: CS1 maint: archived copy as title (link)
  22. ↑ «Doris Volz presents a note from Kentucky Ken». Dorisvolz.com. Arkivert frå originalen 2011-06-23. Henta 2011-05-31.
  23. ↑ Boot Scootin'. Joel Ruminer with Jimmie Ruth White. Rose Publishing Company. 1981. page 48.
  24. ↑ «see Blair statement». Wcs-dancer.com. Arkivert frå originalen 2011-10-06. Henta 2011-05-31.
  25. ↑ «Line dancing refuses to go out of style». Star-News. 30. oktober 1992. Henta 12. august 2010.[daud lenkje]
  26. ↑ «Stepping to country fun». The Gazette (Cedar Rapids-Iowa City). 17. april 1993. Henta 12. august 2010.
  27. ↑ «This time around, the country craze proves to have some staying power». Milwaukee Journal Sentinel. 13. juni 1995. Henta 12. august 2010.[daud lenkje]
  28. ↑ Clark, Walter Aaron (2013-02-01). From Tejano to Tango: Essays on Latin American Popular Music (på engelsk). Routledge. ISBN 978-1-136-53687-8.
  29. ↑ «GAP a-Go-Go | Dance Magazine | Find Articles at BNET». Findarticles.com. Arkivert frå originalen 2009-02-01. Henta 2011-05-31.
  30. ↑ Let's Dance. Paul Bottomer. 1998. Black Dog & Leventhal. page 65. ISBN 1-57912-049-0
  31. ↑ «CMT Europe clips». tv-ark.org.uk. Arkivert frå originalen 2012-02-19. Henta 2011-05-31.
  32. ↑ «OUI-Ha! France brings line dancing craze under state control - Times Online». Arkivert frå originalen 2008-07-12. Henta 2008-12-15. Oui Ha! France brings line dancing craze under state control