Linnés Hammarby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Linnés Hammarby er eit gods i Danmarks socken og Vaksala härad av Uppsala län i Sverige. Det ligg 15 kilometer søraust for Uppsala.

Hammarby vert fyrste gong nemnt i 1337, då det vart bytta bort av Olof Styrbjörnsson (Gren) til korherren i Uppsala, Lars Nilsson. Sidan vart det eigd av ættene Lama, Stewardt, Gärffelt og von Friesendorff, i tillegg gjennom inngifting i den sistnemnde slekta, A. Schönberg. Han selde godset, det nærliggande Sävja m.m., samanlagt 10 heimar i 1758, for 80 000 dalar til Carl von Linné.

Linné førte i 1762 opp eit større boningshus. På ei høgde ovanfor garden bygde han i 1769 eit museum av stein, der han tok vare på samlingane sine. Også denne bygningen står i dag.

Linné ville ha ein gård på landet til landbruk og som ein tilfluktstad frå det usunne miljøet i Uppsala. Han pleidde å ta med seg studentane sine på ekskursjon via Kungsängen til Hammarby.

Linnés Hammarby

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]