Hopp til innhald

Lisburn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lisburn
Lios na gCearrbhach
by
Land  Nord-Irland
Region County Antrim, County Down
Distrikt Lisburn City
Areal 447 km²
Folketal 71 465 (2010)
Postnummer BT27, BT28
Retningsnummer 028
Kart
Lisburn
54°31′00″N 6°02′00″W / 54.516666666667°N 6.0333333333333°W / 54.516666666667; -6.0333333333333
Wikimedia Commons: Lisburn

Lisburn (irsk Lios na gCearrbhach) er ein by i Nord-Irland, sørvest for Belfast. Ein anglisert versjon av det irske namnet, Lisnagarvey, vert nytta i namn på skular og idrettsklubbar i området. Byen fekk byrettar i 2002 (i lag med Newry). Byen ligg mellom grevskapa Antrim og Down med Lagan-elva som grense. Lisburn har like over 70 000 innbyggjarar. Trass i byrettane er byen omgjeve av jordbruks- og halvjordbruksområde. Lisburn City omfattar utanom byen Lisburn òg byane Hillsborough, Moira, Glenavy, Dunmurry og Drumbo. Det administrative hovudkontoret ligg i Lisburn.[1]

Det irsk linmuseet i Lisburn.

Lisburn er òg kjend som fødestaden for den irske linindustrien, som vart oppretta i 1698 av Louis Crommelin og andre hugenottar. Ei utstilling om den irske linindustrien finst no på Irish Linen Center som ligg i Old Market House på Market Square.

Byen er ein populær handlestad med fleire store varehus i sjølve Lisburn og utanfor. Her finst mellom anna Sprucefield og Sprucefield parksenter.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lisburn