Newry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Newry
by
Newry Townhall - geograph.org.uk - 1476695.jpg
Land Ulster Banner.svg Nord-Irland
Fylke Armagh og Down
Distrikt Newry, Mourne and Down District Council
Folketal 27 433 (2001)
Wikimedia Commons: Newry

Newry (irsk An tIúr) er ein by i Nord-Irland. Han ligg dels i Armagh og dels i Down, og er administrasjonssenter for distriktet Newry, Mourne and Down.

Utsikt over Newry frå sentrum av byen
Domkyrkja i Newry

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen oppstod kring eit cisterciensarkloster som blei grunnlagd i 1144. Han fekk etterkvart status som marknadsby, og det blei lagt ein garnison der. I 1742 blei den første kanalen på Irland, Newrykanalen, opna mellom Lough Neagh og Newry. I samband med Elisabeth II av Storbritannia sitt gulljubileum som dronning i 2002 fekk han status som city i lag med Lisburn.[1]

Dei mest fremtredande bygningane er den katolske domkyrkja og rådhuset. Newry-elva renn under rådhuset, som er bygd over ei bru. Katedralen har nokså normal utssjånad på utsida, men inne er han rikt dekorert med mosaikkar som kan minna meir om austlege kyrkjer enn tradisjonell irsk kyrkjekunst. To av dei eldste kyrkjene på Irland står i Newry.

Det irske namnet på byen, An tIúr, 'barlind-lunden', er ei moderne, sammantrekt form av eit eldre namn, An Iubhir Chinn Traha, som betyr 'barlinden ved enden av stranda'.[2] Dette skal visa til soga om at heilage Patrick skal ha planta ei barlind på staden på 400-talet.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 2011 hadde Newry 26 967 innbyggjarar, 1,49 % av alle i Nord-Irland..[3]

Av desse var:

  • 21,46 % yngre enn 16 år og 12,74 % over 65 år
  • 51,02 % kvinner og 48,98 % menn
  • 88,27 % høyrde til eller var oppdregne innanfor katolisismen medan 8,47 % høyrde til eller var oppdregne innanfor prostestantiske eller andre kristne retningar[a]
  • 56,12 % med ein irsk nasjonal identitet, 27,27 % med ein nordirsk nasjonal identitet og 12,65 % med ein britisk nasjonal identitet (fleire val var moglege)
  • 19,60 % hadde noko kjennskap til irsk og 2,37 % hadde noko kjennskap til ulsterskotsk

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Protestant and Other Christian (including Christian related)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Two NI towns awarded city status» (på engelsk). 14. mars 2002. 
  2. «Place Names NI - Home», www.placenamesni.org, henta 5. september 2019 
  3. «Census 2011 Population Statistics for Newry Settlement». Northern Ireland Statistics and Research Agency (NISRA). Henta 12. august 2019.