Liv Sandven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liv Sandven
Fødd18. mai 1946 (77 år)
Fana
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, skuleleiar
EktefelleArild Rødland
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1997–2001) Sjå dette på Wikidata

Liv Sandven (fødd 18. mai 1946)[1] er ein norsk tidlegare lærar, rektor og politikar for KrF.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Sandven vaks opp på slektsgarden Sandven i Fana ved Bergen.[2] Ho gifta seg i 1969 med professor i petroleumsteknologi og statssekretær Arild Rødland, som ho har barn med, men ekteskapet blei oppløyst.[3][4] Etter gymnaset utdanna ho seg til adjunkt ved Kristiansand lærerskole. Etter endt utdanning i slutten av 1960-åra flytta ho til Trøndelag.[2] Ho var lærar i Verdal og på Støren før ho underviste ved fleire skuler i Trondheim. Ho var blant anna undervisningsinspektør og rektor ved Nyborg skule på Byåsen.[5] Etter tida som politikar har ho vore rektor ved undervisningstilbodet ved St. Olavs hospital.[6]

I ungdommen var Sandven aktiv i Noregs KFUK-KFUM i Bergen. Ho byrja å engasjere seg politisk i Kristeleg Folkeparti i slutten av 1970-åra. Ho var medlem av Trondheim bystyre 1992–2003, varaordførar 1995–2003 og fungerande ordførar i tida 2001–2002, då Anne Kathrine Slungård var i permisjon.[2] Sandven blei ikkje renominert til bystyret for Kristeleg Folkeparti i 2002.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sandven, Liv (1946-)». Stortinget. Henta 29. september 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Røiseland, Marianne (14. desember 2001). «Bergenser styrer prinsesse-bryllup». Bergens Tidende. Henta 29. september 2014. 
  3. Arntzen, Jon Gunnar (red.) (1994). Hvem er hvem?. Kunnskapsforlaget. s. 463. 
  4. Rødland, Kjartan (22. februar 1997). «Den irske oljestrilen». Bergens Tidende: 43. 
  5. Lundemo, Trygve (18. august 2001). «Endelig til topps». Adresseavisen: 15. 
  6. Jensen, Håvard (28. oktober 2011). «- Ingen dager er likedan». Adresseavisen. Henta 29. september 2014. 
  7. Holmquist, Tone (27. november 2002). «Det er kamp i de foldede hender». Kommunal Rapport. Henta 29. september 2014.