Hopp til innhald

Liv Tyler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liv Tyler

Tyler i 2018
Verkeleg namnLiv Rundgren
StatsborgarskapUSA
Fødd1. juli 1977 (48 år)
New York City i USA
Yrke
  • Skodespelarinne
  • produsent
  • songar
  • modell
Aktive årSidan 1991

[1]

Språkengelsk
Høgd1,77 meter
FarSteven Tyler, Todd Rundgren
MorBebe Buell
EktefelleRoyston Langdon
PartnarJoaquin Phoenix
Nettstadhttps://www.livtylerwebsite.com
Liv Tyler på Commons

Liv Rundgren Tyler (fødd 1. juli 1977 som Liv Rundgren) er ei USA-amerikansk skodespelarinne, produsent, songar og tidlegare modell.[2] Ho byrja ein modellkarriere som 14-åring. Seinare bestemde ho seg for å fokusera på skodespel og filmdebuterte i Silent Fall (1994); ho oppnådde vidare kritisk anerkjenning med hovudroller i Heavy og Empire Records (begge 1995), og dessutan That Thing You Do! og Stealing Beauty (begge 1996). Ho medverka deretter i filmar som Inventing the Abbotts (1997), Armageddon (1998), Cookie's Fortune og Onegin (begge 1999), Dr. T & the Women (2000) og One Night at McCool's (2001). Ho spelte deretter Arwen Undómiel i filmtrilogien Ringdrotten (2001-2003), som vart ein av dei mest lønnsame filmseriane i historia.

Etter suksessen med Ringenes herre har Tyler hatt ei rekkje roller, mellom anna i filmane Jersey Girl (2004), Lonesome Jim (2005), Reign Over Me (2007), The Strangers, The Incredible Hulk (begge 2008), Super (2010), Space Station 76 (2014), Wildling (2018) og Ad Astra (2019). Utanom film har ho spelt i HBO-serien The Leftovers (2014-2017), BBC-serien Gunpowder (2017), ITV/Hulu-serien Harlots (2018-2019) og Fox-serien 9-1-1: Lone Star (2020).

Tyler er òg songar. Etter å ha sunge med komponisten Howard Shore, dukka ho opp som gjestevokalist på The Lemonheads-albumet Varshons (2009) der ho song ein versjon av Leonard Cohen-songen «Hey, That's No Way to Say Goodbye». Ho dukka opp på bonusdisken til Evan Dando-albumet Baby I'm Bored (2003) der ho song på songen «Shots Is Fired». I 2011 gav ho ut debutsingelen «Need You Tonight».

Tyler har fungert som UNICEF Goodwill Ambassador for USA sidan 2003, og som talsperson for Givenchy sin parfyme- og kosmetikklinje. Ho er dotter av Steven Tyler og Bebe Buell, sjølv om ho har eit svært nært forhold til adoptivfar sin, Todd Rundgren.

  1. «Liv Tyler». People 37 (18). 12. mai 1997. Arkivert frå originalen 13. august 2014. Henta 13. august 2014.
  2. Gibb, Bill (18. oktober 2017). «Lord of the Rings star Liv Tyler put the accent on being a lady in new BBC drama Gunpowder». The Sunday Post (Dundee, Scotland: DC Thomson & Co Ltd.). Arkivert frå originalen 13. juni 2018. Henta 24. april 2018.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Liv Tyler
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Liv Tyler