Todd Rundgren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Todd Rundgren
Todd Rundgren at Revolution Live (cropped).jpg
Todd Rundgren i 2009
Fødd22. juni 1948 (71 år)
FødestadUpper Darby i Pennsylvania i USA
FødenamnTodd Harry Rundgren
OpphavPhiladelphia i Pennsylvania i USA
Aktiv1966 til i dag
Sjanger
Instrument
  • Vokal
  • gitar
  • bass
  • klaverinstrument
  • trommer
  • piano
  • theremin
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som

Todd Harry Rundgren (fødd 22. juni 1948) er ein USA-amerikansk multi-instrumentalist, låtskrivar og plateprodusent. Han er hylla for den første delen av karrieren sin for både sine eigne songar og produksjonsarbeidet han gjorde for andre artistar. Han fekk gullplate for det doble soloalbumet Something/Anything? i 1972.[1] Han har skapt eit mangfald av innspelinga både som soloartist og som medlem av Utopia. Rundgren har ofte vore tidleg ute med nyskapande innspelingsteknologiar.

I 1970- og 1980-åra var Rundgren lydteknikar og/eller produsent for mange kjende album av andre artistar, som The Band-albumet Stage Fright (1970), Badfinger sitt Straight Up (1971), Grand Funk Railroad sitt We're an American Band (1973), New York Dolls sitt New York Dolls (1973), Hall & Oates sitt War Babies (1974), Meat Loaf sitt Bat Out of Hell (1977) og XTC sitt Skylarking (1986). I 1980- og 1990-åra førte interessa hans for video og datamaskinar til at hans «Time Heals» (1981) vart den åttande musikkvideoen som vart spelt på MTV, og «Change Myself» (1991) var animert av Rundgren på ein Amiga.[2]

Dei mest kjende songane hans er «Hello It's Me» og «I Saw the Light» frå 1972, som ofte vert spelt på radiostasjonar som spelar classic rock, og singelen «Bang the Drum All Day» frå 1983, som vert nytta på mange idrettsarrangement, i reklamefilmar og i filmtrailerar. «Couldn't I Just Tell You» er mindre kjend, men har hatt stor innverknad på artistar innan powerpop.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Something/Anything? – Todd Rundgren». AllMusic. Henta 4. august 2016. 
  2. Wood, Sam (June 14, 1991). «Todd Rundgren – Rundgren Making Music for the Ears – And Eyes». Seattle Times. Henta January 30, 2012. "Change Myself" is four minutes of state-of-the-art computer animation. Rundgren wrote, directed and programmed it. 
  3. Vladimir Bogdanov; Chris Woodstra; Stephen Thomas Erlewine (2001). All music guide: the definitive guide to popular music. Hal Leonard Corporation. s. 464. ISBN 978-0-87930-627-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Todd Rundgren