Howard Shore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Howard Shore
Howard Shore, Canadian Film Centre, 2013-1 (cropped).jpg
Fødd18. oktober 1946 (74 år)
FødestadToronto
OpphavCanada
Aktiv1978–
SjangerFilmmusikk
Instrumentsaksofon
Verka somkomponist, dirigent, filmmusikkomponist, saksofonist
PrisarGovernor General’s Performing Arts Award, Oscar for beste originalmusikk, Oscar for beste originalmusikk, offiser av Order av Kanada, Saturn Award, Golden Globe Award for Best Original Score, Grammy Award, Golden Globe Award for Best Original Score, Oscar for beste sang, Golden Globe Award for Best Original Song, Grammy Award for Best Song Written for Visual Media, Grammy Award for Best Score Soundtrack for Visual Media

Howard Leslie Shore (fødd 18. oktober 1946) er ein kanadisk filmmusikkomponist.

Howard Shore voks opp i Toronto. Han reiste til Sambandsstatane for å studera musikk ved Berkeley College of Music i Boston, og spelte nokre år i rockebandet Lighthouse. På syttitalet skreiv han musikk for showet til ein kanadisk magikar, samt for fjernsynsprogram, m.a. Saturday Night Live.

Den fyrste filmen Shore skreiv musikken til, kom ut i 1979, og sidan arbeidde Shore seg oppover. Han skreiv m.a. musikken til The Fly, filmen Big og Nattsvermeren.

Det er likevel filmatiseringa av Ringenes Herre av Peter Jackson Shore har vorte mest kjend for. Han komponerte storslagne soundtrack til alle tre filmane, og vann både Oscar-prisen, Grammy-prisen, Golden Globe-prisen og BAFTA-prisen for arbeidet sitt. Soundtracket består av eit vidt spenn av ulike instrument, og inkluderte også artistar som Enya, Annie Lennox og Emiliana Torrini.

Howard Shore har kanskje vorte nytta i endå større grad som filmmusikar i tida etter Ringenes Herre. Han er også sett opp som komponist til dei to filmane om Hobbiten, som skal koma ut i 2012 og 2013.

Filmmusikk komponert av Howard Shore[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]