LoMsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

LoMsk er ei norsk folkrock-gruppe frå Lom kommune i Gudbrandsdalen. Bandet var stifta i 1982 av mellom andre Lars og Hans Bakke. Lars Bakke er sentral i bandet, og skriv det meste av tekstar og melodiar. Tekstane er skrivne på dialektprega nynorsk.

LoMsk gav ut si fyrste plate i 1994, og sidan den gong har det kome fire til. Av desse fem er fire konseptalbum: debuten Song om ei segn, Bukkerittet (2004), Amerikabrevet (2007) og Lavrans dotter (2009). Plata LoMsk frå 1998 hadde inkje spesielt tema. Amerikabrevet vart nominert til Spellemannprisen 2007 i klassen Viser.

Bandet vart også tildelt Austmannaprisen til Austmannalaget i 2004.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

  • Reidar Svare – vokal, keyboard, fløyte, munnharpe.
  • Hans Bakke – vokal, fele, keyboard.
  • Jørn Steine – bass.
  • Lars Bakke – vokal, akustisk gitar, mandolin.
  • Trond Volden – trommer.
  • Ole Foss – fele, trekkspel.
  • Jørn Kjonerud – elektrisk gitar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]