Loch Awe

Koordinatar: 56°17′52″N 5°14′06″W / 56.29778°N 5.23500°W / 56.29778; -5.23500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loch Awe
innsjø
Nordarmen sett frå Beinn a' Bhuiridh
Land  Skottland
Tilsig River Orchy, Kames River
Utløp River Awe
Nedslagsfelt 840 km²
Opphaldstid 0,7 år
Høgd over havet 36.2 moh.
Lengd 41 km
Breidd km
Areal 38,5 km²
Middeldjupn 32 m
Største djupn 93,6 m
Volum 1,2 km³
Kystlengd1 129 km
Koordinatar 56°17′52″N 5°14′06″W / 56.29778°N 5.23500°W / 56.29778; -5.23500
Øyar Innis Chonnell, Inishail, Innis Chonan
Byar Lochawe
Kart
Loch Awe
56°17′29″N 5°13′52″W / 56.291475°N 5.231141°W / 56.291475; -5.231141
Wikimedia Commons: Loch Awe, Argyll and Bute
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Loch Awe (skotsk-gælisk Loch Obha) er ein stor innsjø i Argyll and Bute i Skottland. Han har gjeve namn til ein landsby ved breidda, som vert kalla anten Loch Awe eller Lochawe.

Innsjøen[endre | endre wikiteksten]

Loch Awe med nokre av øyane i innsjøen, mellom anna Innis Chonan

Han er den tredje største innsjøen i Skottland ut frå overflatearealet som er 38,5 kvadratkilometer. Han er den lengste innsjøen i Skottland med ei lengd på 41 km frå ende til ende, og ei gjennomsnittleg breidde på 1 km.

Innsjøen går hovudsakleg frå sørvest til nordaust, omtrent parallelt til dei to fjordane Loch Etive og Loch Fyne. Via River Awe og Loch Etive vert innsjøen drenert vestover frå nordenden og ut i Atlanterhavet.

Vasskraft[endre | endre wikiteksten]

Det er to vasskraftverk ved Loch Awe. Den eine er ein vanleg turbinstasjon der ein har demd opp River Awe i Pass of Brander, og så fører vatnet gjennom underjordiske røyrleidningar til Loch Etive.

Den andre er eit meir uvanleg pumpekraftverk der ein nyttar ein kunstig innsjø i åsen over innsjøen. Vatnet vert pumpa opp i dette reservoaret i periodar med mykje vatn, og så seinare nytta til straumproduksjon når straumbehovet er størst.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Loch Awe er kjend for aurefiske. Det kjem òg laks gjennom innsjøen, som går vidare til River Orchy. Det ligg fleire ruinar av gamle slott på øyar i Loch Awe og i nordenden ligg eit av dei mest fotograferte slotta i Skottland, Kilchurn Castle, som om sommaren kan vitjast etter ein kort båttur.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var frå Loch Awe og det omliggande området at Campbell-klanen etablerte seg som ein mektig familie. I 1308 slo Robert the Bruce MacDougall-klanen i slaget ved Pass of Brander nedanfor innsjøen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]