Loch of the Lowes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch of the Lowes
innsjø
none
Område Perth and Kinross i Skottland
Areal 98 hektar km²
Wikimedia Commons: Loch of the Lowes, Perth and Kinross

Loch of the Lowes er ein innsjø nær Dunkeld i Perth and Kinross i Skottland. Innsjøen og området rundt har status som dyrereservat, styrt av Scottish Wildlife Trust.

Innsjøen dekkjer 98 hektar og frå tidleg april til seint i august hekkar fiskeørn her. Reiret deira ligg om lag 150 meter frå ein skjult observasjonspost. Dåhjort og rådyr er òg mogeleg å sjå frå gøymestaden, og stundom til og med oter.

Tidleg på vinteren kjem kring 3000 grågjess til innsjøen. I tillegg finn ein kvinand, villands, laksand, brunnakke, krikkand, toppand og toppdykkar, som hekkar nær innsjøen.

Loch of the Lowes frå sør

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]