Krikkand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Krikkand
Krikkandhann
Krikkandhann
Krikkandhoe
Krikkandhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Krikkand
Utbreiinga av Krikkand
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Slekt: Anas
Art: Krikkand A. crecca
Vitskapleg namn
Anas crecca

Krikkand (Anas crecca) er ein fugl som høyrer til gruppa grasender i underfamilien ender.

Utbreiing og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Krikkand finst i storparten av Europa, i den tempererte delen av Asia og i Nord-Amerika. Spørsmålet om amerikakrikkand (Anas (crecca) carolensia) er same art, er omdiskutert. Tidlegare var taksonet lista som ein art, og det har fått artsnamn på norsk.[1] I Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[2] er taksonet endra til underart og Anas andium, med utbreiing i nordlege Andes, er endra frå underart til art. Underartar av krikkand, etter Clementslista versjon 6.6:

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Truleg kan den norske hekkebestanden vere kring 30 000 – 50 000 par. Krikkanda trivst best i grunne næringsrike ferskvatn med rik kantvegetasjon, men hekkar ved dei fleste typar innsjøar og stilleflytande elvar. Arten er utbreidd over heile landet, men er vanlegast ved lågtliggande innsjøar i Sør-Noreg. Krikkanda er den av grasendene som hekkar høgast til fjells, på Hardangervidda finst ho på gunstige lokalitetar 1200-1300 m.o.h.

Utsjånad og læte[endre | endre wikiteksten]

Krikkandpar

Krikkand er ei lita and med ei lengd på 34-38 cm og eit vengespenn på 53 - 59 cm, og dette gjer arten til den minste anda i Noreg. Vengespegelen er grøn på begge kjønn på oversida medan undersida er svart. Hannen har to ulike fjørdrakter gjennom året. Frå hausten fram til juni er hovud og hals raudbrune. Langs sidene på hovudet går eit mørkegrønt band. Fremste delen av ryggen saman med halsen og sidene er spraglete i svart og kvitt. Resten av ryggen saman med overgumpen er brungrå, undergumpen er kvit. Resten av sommaren liknar hannen hoa. Hoa er brunsvart med rustbrune fjørkantar på oversida, medan undersida er brungul med mørke flekkar.

Hannen har eit karakteristisk oppatteke vislande læte som kan høyrast om våren og som kan skrivast som «kriikk».

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Krikkandegg

Hekkinga går føre seg i april-juni. Paret bygg reir ved tjern eller vassdrag, gjerne nær vasskanten, men somme gongar langt frå innsjøen som vert brukt til næringssøk. Reiret ligg godt gøymt under lyng, vier eller einer. Hoa legg 8-12 grønaktige egg. Rugetida tek 25 dagar, og i denne perioden dreg hannen frå hoa og reiret. Hoa passar ungane, som vert flygedyktige etter 60 døgn.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Kosten er sett saman av ulike plantedelar som fuglen beiter på når han dukkar framdelen ned slik at han når botnen med nebben. Anda et også insekt, blautdyr og mark.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Norske krikkender overvintrar ved dei sørlege nordsjølanda, saman med krikkender frå Sverige, Finland, Baltikum og nordlege delar av Russland. Om våren kan ein somme stader sjå mykje krikkender som ventar på at vatna til fjells skal bli isfrie.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det norske og latinske namnet etterliknar fuglen si læte.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. http://birdlife.no/fuglekunnskap/navn/index.php?name=Anas+carolinensis&submit=S%C3%B8k
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Krikkand