Lokomotivet Thomas og vennene hans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Lokomotivet Thomas og vennene hans (originaltittel mellom 1984 og 2003: Thomas the Tank Engine and Friends, originaltittel sidan 2003: Thomas and Friends) er ein fjernsynsserie for born, produsert sidan 1984.

Serien vert laga av ITE Entertainment etter manus av Britt Allcroft, basert på bøkar av sognepresten Wilbert Awdry. Hovudpersonane er antropomorfe lokomotiv, anna jarnbanemateriell og andre køyretøy; alle er utstyrt med menneskelege eigenskapar.

Sidan 2008 har figurane meir bevegelse via dataanimasjon og frå 2009 har figurane fått eigne røyster foruten forteljaren. I den opphavlege engelske versjonen hadde det tidlegare The Beatles-medlemmet Ringo Starr forteljarrøysten i sesongane 1 og 2 (1984–1986), frå sesong 3 (1991-92) og utover har Michael Angelis forteljarrøysten.

I Noreg har Trine Lossius Borg (sesong 1-2), Gro Solemdal (sesong 3-5), Terje Strømdahl (sesong 6) og Kalle Øby (sesong 8 og utover) hatt forteljarrøysten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]