Longvafjorden

Koordinatar: 62°39′46″N 6°15′13″E / 62.66278°N 6.25361°E / 62.66278; 6.25361
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°39′46″N 6°15′13″E / 62.66278°N 6.25361°E / 62.66278; 6.25361

Longvafjorden sett frå fly i søraust. Haramsøya til venstre, Flemsøya til høgre. Ullaholmen og Ullasundbrua mellom øyene lengst ute.
Foto: Eirik Solheim

Longvafjorden er ein fjord i Haram kommuneSunnmøre. Han ligg mellom Haramsøya i vest og Flemsøya/Skuløya i aust. Fjorden strekkjer seg 7,5 km søraustover frå Ullaholmen som ligg midt i innløpet.

I den nordvestlege delen av fjorden er det bygd ei vegfylling over nesten heile fjorden frå Skuløya til sørsida av Ullaholmen. Vegfyllinga går 1,5 ut i fjorden på ei grunne og frå Ullaholmen går det bru over Ullasundet til Haramsøya. Ullasundet er derfor det einaste innløpet til fjorden i denne enden. Bygda Austnes ligg på vestsida av fjorden på Haramsøya.

Den største djupna i fjorden er 60 m og han er kring 1500 meter brei.