Lonkanfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°30′05″N 15°19′33″E Lonkanfjorden er ein fjordarm av Hadselfjorden på vestsida av Hinnøya. Fjorden strekkjer seg 8 km søraustover til Indre Nordbotn.

Innløpet går mellom Lonkanholmene og Lonk(an)neset i vest og grendene Hennes og Kaljord i nordaust. Like sør for Lonkanneset ligg grenda Lonkan, som har gjeve namn til fjorden. Lonkan har ferje og rutebåt. Kaljord har buss, ferje og rutebåt. Landhandel sidan 1926, ble lagt ned i 2014.

Fjorden går først sørover. Mellom Finndalen og Aggursklubben er fjorden på det smalaste. Innfor Aggursklubben svingar fjorden brått rett austover. Fjorden er lun og elvene frå fjellheimen rundt fører med seg mykje ferskvatn slik at isen ligg store delar av vinteren, somme år heilt ut til Aggura.

Nordsida av fjorden ligg på Kaljord, gardsnr. 4 i Hadsel kommune. Her finst tuftene etter hus og gammar til småbruka til folket som levde inne i fjorden. Berre på Åselv Vestre står våningshuset att. Siste garden Åselv Østre, blei fråflytta i 1963.

På sørsida av fjorden ligg Kvanntoa, ei gamal setergrend som tilhøyrer bruka på garden Lonkan, gnr. 5 i Hadsel. Sætringa vart slutt på 60-talet, men kulturbeite heldt fram i mange år etter. Her står seks seterstuer og ei løe att. Sætervollen er tilplanta med gran.

Først på 1900-talet var der gruvedrift etter jernmalm i Norddalen og i Setfjellet og Rødhatten på Kaljord, Feltet som det heiter i dag. Utskipinga gjekk over Malmklubben i Nordbotn og Fangenkaia i Kaljordfeltet.

Turstien innover Lonkanfjorden er eigenleg den gamle skulevegen til borna som gjekk på skule i Helgenes, frå 1957 på Lonkan. Fra Malmklubben via Nordbotn og opp følger stien Lina, banen frå gruvetida, til Norddalen og derfra opp Memurskaret. Dette er den mest brukte tilkomsten til toppen av Møysalen (1262 moh.), høgste fjellet på Hinnøya og i Lofoten og Vesterålen, og det nest høgaste fjellet på ei øy i Noreg. Kommunegrensa mellom Sortland og Lødingen går over Møysalen, medan den mest brukte løypa går i Hadsel kommune som når om lag til Fonnisen, eit stykke nedanfor sjølve toppen.

Turen til Møysalen vart kåra til landets beste tur av magasinet UTE i 2009. Fjordlandskapet inngår i Møysalen landskapsvernområde og nasjonalpark. Grensa går frå Kaljordtinden (801 moh.) i nord via Høystakkneset over til sørsida av fjorden Grunnvikklubben og til toppen av Ingelsfjordnipa (759 moh).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]