Hinnøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hinnøya
Lokalt namn: Iinnasuolu
Sigerfjord, ein tettstad på vestsida av Hinnøya
Sigerfjord, ein tettstad på vestsida av Hinnøya
Geografi
Norway - Hinnoya.PNG
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 68°32′N 15°50′EKoordinatar: 68°32′N 15°50′E
Øygruppe Vesterålen
Areal 2204,7[1] km²
Høgaste punkt Møysalen (1262 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms, Nordland
Største busetnad Harstad (23 108 innb.)
Demografi
Folketal 31 851 (2006)
Folketettleik 14 /km²

Hinnøya (samisk Iinnasuolu) er den største øya i Noreg (2204,7 km², av det 1410,7 km² i Nordland og 1218,5 km² i Troms) utanom Svalbard, og er delt mellom kommunane Andøy, Hadsel, Lødingen, Sortland, Tjeldsund og Vågan i Nordland, og Harstad og Kvæfjord i Troms.

Byen Harstad og tettstadane Lødingen, Borkenes og Sigerfjord ligg på øya.

Søraust på Hinnøya, nord for Lødingen; i april 2006.

Hinnøya har mange fjordar og består hovudsakleg av kupert og fjellendt terreng. Særleg gjeld dette den sørlege delen av øya der Møysalen nasjonalpark ligg, inkludert det høgaste fjellet på øya, Møysalen med 1262 meter over havet. Det beste jordbruksområdet ligg i nordaust i kommunane Harstad og Kvæfjord. Dei største fjordane på øya er Øksfjorden og Gullesfjorden, som nesten deler øya i to. Ho grenser òg til dei store fjordane Andfjorden i nord, Vågsfjorden i nordaust og Vestfjorden i sør.

Vegsamband[endre | endre wikiteksten]

Hinnøya er knytt til fastlandet med Tjeldsundbrua (1005 m) som strekkjer seg over Tjeldsundet langs etter Kong Olavs veg. Hinnøya er også knytt til Langøya med Sortlandsbrua og til Andøya med Andøybrua. Lofast, det ferjefrie vegsambandet til Lofoten, vart offisielt opna 1. desember 2007. Sambandet er ein del av E10 som går svært nær Møysalen nasjonalpark.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Forfjorddalen nordvest på Hinnøya i Andøy kommune.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]