Loránd Eötvös

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loránd Eötvös
Roland Eotvos.jpg
Fødd 27. juli 1848
Buda
Død 8. april 1919
Budapest
Nasjonalitet Ungarn
Område fysikk
Yrke fysikar, matematikar, universitetslærar, forskar
Institusjonar Universitetet i Budapest
Alma mater Universitetet i Heidelberg
Doktorgradsrettleiar Hermann von Helmholtz
Medlem Det ungarske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Loránd Eötvös [ˈloraːnd ˈøtvøʃ], òg kjend som (baron) Roland (von) Eötvös, (27. juli 18488. april 1919) var ein ungarsk fysikar og fjellklatrar som spelte ei viktig rolle i det intellektuelle og politiske livet i Ungarn på 1800-talet.

Virke[endre | endre wikiteksten]

I dag er Eötvös mest kjent for arbeid innan overflatespenninga til væsker og gravitasjon, spesielt det svake ekvivalensprinsippet, som fekk tyding for relativitetsteorien, og dessutan tidevannskreftene på overflata til jorda.

Som ungarsk kultur- og undervisningsminister reformerte Loránd Eötvös det høgare skulevesenet i landet og gav matematikkundervisninga ein viktig posisjon. Denne innverknaden varar framleis ved, idet ungarske gymnasiastar hyppig vinn konkurransar som den internasjonalen matematikkolympiaden.

Frå 1886 til han døydde underviste Loránd Eötvös ved Universitetet i Budapest.

Eötvös var òg ein kjend fjellklatrar med fleire førsteklatringar i Dolomittane, oftast gjennomført saman med fjellføraren Michel Innerkofler, til dømes Sextener Rotwand 1878.[1][2] Han var dessuten mangeårig president i den ungarske turistsamskipnaden.[3]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Oppkalla etter Loránd Eötvös
Æresprisar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lászlo Kovács: Eötvös Loránd, tudós-tanár. UP, Szombathely 2002, ISBN 963-9290-25-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]