Dolomittane
Dolomittane | |||
fjell | |||
Marmolada
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Fjelltype | Dolomitt | ||
Fjellkjede | Dei sørlege kalksteinsalpane | ||
Høgd | Marmolada - 3 343 moh. | ||
Bergartar frå | Trias | ||
Koordinatar | 46°23′N 11°51′E / 46.383°N 11.850°E | ||
Dolomittane 46°36′47″N 12°09′47″E / 46.613056°N 12.163056°E | |||
Wikimedia Commons: Dolomites |
Dolomittane (italiensk Dolomiti; tysk Dolomiten; friulisk Dolomitis) er ei fjellkjede i Italia og Alpane. Størstedelen ligg i Belluno, medan resten ligg i Bolzano og Trento og strekkjer seg frå elva Adige i vest til Piavedalen (Pieve di Cadore) i aust. I nord grensar Dolomittane til Pustertal (Val Pusteria) og i sør til Suganadalen (Val Sugana).
Området vert ofte delt inn i Dei vestlege Dolomittane og Dei austlege Dolomittane og grensa mellom dei to går langs linja Val Badia - Campolongopasset - Cordevoledalen (Agordino). Fjellkjeda har meir enn førti isbrear.
Området er ein stor turistdestinasjon som er kjend for skisport, fjellklatring og i nokre tilfelle basehopping. Dei største turistsentera er Rocca Pietore ved dronninga av Dolomittane, Marmolada, i Veneto, Alleghe, Falcade, Auronzo, Cortina d'Ampezzo, Arabba, Ortisei og San Martino di Castrozza.
Under den første verdskrigen gjekk linja mellom dei italienske og austerriksk-ungarske styrkane gjennom Dolomittane. Det finst krigsmuseum i fri luft ved 5 Torri og Lagazuoi. Mange vitjar Dolomittane for å gå Via ferrata. Dette er verna stiar som vart danna under den første verdskrigen. Fleire stiar kalla «Alte vie» går i Dolomittane. Desse lang stiane, med nummer 1 til 8, krev minst ei veke for å gjennomførast og mange hytter, «Rifugi», ligg langs hytte. Den første og kanskje mest kjende er Alta Via 1.
Namnet «Dolomittane» kjem frå den kjende franske mineralogen Déodat Gratet de Dolomieu som var den første som skildra bergarten, dolomitt, ein type karbonatbergart som har skapt dei karakteristiske formene og fargane til desse fjella.
Store fjelltoppar
[endre | endre wikiteksten]Namn | Høgd | Namn | Høgd |
---|---|---|---|
Marmolada | 3 344 | Pala di San Martino | 2 996 |
Antelao | 3 264 | Rosengartenspitze | 2 981 |
Tofana di Mezzo | 3 241 | Marmarole | 2 961 |
Punta Sorapis | 3 229 | Cima di Fradusta | 2 941 |
Monte Civetta | 3 220 | Fermedaturm | 2 867 |
Vernel | 3 145 | Cima d'Asta | 2 848 |
Monte Cristallo | 3 199 | Cima di Canali | 2 846 |
Cima di Vezzana | 3 191 | Croda Grande | 2 839 |
Cimon della Pala | 3 186 | Vajoletturm / Torri del Vajolet (høgast) | 2 821 |
Saslonch | 3 181 | Sass Maor | 2 816 |
Pelmo | 3 169 | Cima di Ball | 2 783 |
Dreischusterspitze | 3 162 | Cima della Madonna (Sass Maor) | 2 751 |
Boespitze / Piz Boè (Sellafjella) | 3 152 | Rosetta | 2 741 |
Croda Rossa (Hoher Caisl) | 3 148 | Croda da Lago | 2 716 |
Piz Popena | 3 143 | Sentrale Grasleitenspitze | 2 705 |
Elferkofel | 3 115 | Sciliar | 2 562 |
Grohmannspitze (Langkofel) | 3 111 | Sasso di Mur | 2 554 |
Zwölferkofel | 3 091 | Cima delle Dodici | 2 338 |
Sass Rigais (Geislerspitzen) | 3 027 | Monte Pavione | 2 336 |
Tre Cime di Lavaredo | 3 003 | Cima di Posta | 2 235 |
Kesselkogel (Rosengarten) | 3 001 | Monte Pasubio | 2 232 |
Fünffingerspitze | 2 997 |
Viktigaste fjellovergangar
[endre | endre wikiteksten]Namn | Høgd |
---|---|
Passo d' Ombretta (Campitello til Caprile), sti | 2738 |
Langkofeljoch (Grödendalen til Campitello), sti | 2683 |
Tschagerjoch (Karersee til Vajoletskaret), sti | 2644 |
Grasleitenpasset (Vajoletskaret til Grasleitenskaret), sti | 2597 |
Passo di Pravitale (Rosettaplatået til Pravitaleskaret), sti | 2580 |
Passo delle Comelle (til Cencenighe), sti | 2579 |
Passo della Rosetta (San Martino di Castrozza til Rosettaplatået), sti | 2573 |
Vajolet Pass (Tiers til Vajoletskaret), sti | 2549 |
Passo di Canali (Primiero til Agordo), sti | 2497 |
Tierseralpljoch (Campitello til Tiers), sti | 2455 |
Passo di Ball (San Martino di Castrozza til Pravitaleskaret), sti | 2450 |
Forcella di Giralba (Sexten til Auronzo), sti | 2436 |
Col dei Bos (Falzaregoskaret til Travernanzesskaret), sti | 2313 |
Forcella Grande (San Vito til Auronzo), sti | 2262 |
Pordoi (Arabba til Val di Fassa), veg | 2250 |
Passo Sella (Grödendalen til Val di Fassa), veg | 2244 |
Tre Sassi Pass (Cortina til St. Cassian), sti | 2199 |
Mahlknechtjoch (Øvre Duronskaret til Seiseralpane), sti | 2168 |
Grödnerjoch (Grödendalen til Colfuschg), veg | 2121 |
Passo di Falzarego (Caprile til Cortina), veg | 2117 |
Fedajapasset (Val di Fassa til Caprile), rideveg | 2046 |
Valles Pass (Paneveggio til Falcade), veg | 2032 |
Passo Rolle (Predazzo til San Martino di Castrozza og Primiero), veg | 1984 |
Forcella Forada (Caprile til San Vito), rideveg | 1975 |
Passo di San Pellegrino (Moena til Cencenighe), veg | 1910 |
Forcella d'Alleghe (Alleghe til Zoldoskaret), sti | 1820 |
Tre Croci Pass (Cortina til Auronzo), veg | 1808 |
Passo di Costalunga or Karerpaß (Nova Levante til Vigo di Fassa), veg | 1753 |
Monte Croce Pass (Innichen og Sexten til Piavedalen og Belluno), veg | 1638 |
Ampezzo Pass (Toblach til Cortina og Belluno), path | 1544 |
Passo Cereda (Primiero til Agordo), veg | 1372 |
Toblach Pass (Bruneck til Lienz), jernbane | 1209 |
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Marmoladabreen, den største isbreen i Dolomittane
-
Klatarar i Via Ferrata mot Piz de Léch
-
Tofana
-
Dolomittane i august
-
Landsbyen Arabba.
-
Det opne krigsmuseumet frå den første verdskrigen ved 5 Torri. Bilete viser italienske skyttergraver og bunkersar.
-
Den italienske frontlinja frå den første verdskrigen ved 5 Torri
-
Arabba i Dolomittane
-
Tre Cime diLavaredo-banen ved Sasso di Sesto.
-
Hytta Auronzo ved Sasso di Sesto.
-
Torri del Vaiolet.
-
Sellafjella om vinteren
-
Dei austlege Dolomittane ved Trentino sett frå toppen av Marmolada.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dolomites» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2007.