Lorenzo Monaco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lorenzo Monaco

Statsborgarskap Italia
Fødd ca. 1370
Siena
Død

1425 (55 år)
Firenze

Yrke kunstmålar, miniatyrmaler, munk
Språk italiensk
Lorenzo Monaco på Commons

Lorenzo Monaco, opphavleg Piero di Giovanni (ca. 1370–ca. 1425) var ein italiensk målar, truleg frå Siena, som var aktiv i overgangen mellom stilretningane gotisk og renessanse. Han var påverka av Giotto og fylgjesveinane hans; Spinello Aretino og Agnolo Gaddi.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Kroninga av Jomfru Maria, 1414
Jeronimus i øydemarka

Lite er kjend om ungdomsåra hans, bortsett frå at han gjekk i lære i Firenze. Frå 1390 hadde Lorenzo tilhald i kamaldulensar-klosteret Santa Maria degli Angeli i Firenze. Etter den tid vart han vanlegvis omtala som Lorenzo Monaco ('munken Lorenzo'). På 1390-talet laga han tre måleri av Biblioteca Medicea Laurenziana til klosteret han budde i.

Kring om 1404 byrja Lorenzo å ta inn gotiske stilelement i måleria sine, som til dømes frå tidlege verk av Lorenzo Ghiberti og Gherardo Starnina. Mellom andre er eit Pietà frå den tid. Arbeida hans syner fram åndelege tema, ofte mot ein forgylla bakgrunn. Verdslege tilhøve er berre sjeldan til stades i bileta hans. I 1414 måla han Kroninga av Jomfru Maria, gjenkjenneleg ved sine mange englar og strålande fargar.

Lorenzo tok ikkje innover seg dei nyvinningane som Masaccio og Filippo Brunelleschi presenterte. Verket Vismennene frå Austerland tilber Jesus frå 1420-22 er såleis heilt fritt for geometriske perspektiv, noko som då skulle vere velkjent. Lorenzo sine bilete heldt seg populære i 1420-åra. Han fekk mange oppdrag, som Forteljingar om Jomfru Maria, eitt av få freskomåleri han stod bak.

Giorgio Vasari gav ei livsskildring av Lorenzo Monaco i sitt historieverk over dei mest berømte målarane, bilethoggarane og arkitektane i fortida. I fylgje Vasari døydde Lorenzo i Firenze av ein slags infeksjon, kanskje kaldbrann eller ein svulst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lorenzo Monaco