Siena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Siena
01 Sienne vue de San Clemente.jpg
Byvåpenet til Siena
Byvåpenet til Siena


Plassering
Siena is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Toscana
Siena
Borgarmeister Maurizio Cenni
Geografi
Flatevidd
 - By

118 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

54 498
  447/km²
Koordinatar 43°20′″N 11°20′″EKoordinatar: 43°20′″N 11°20′″E
Høgd over havet 322 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 53100, 53010
Telefon-retningsnummer 0577
Nettstad: www.comune.siena.it

Siena er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Siena i regionen Toscana og har om lag 55 000 innbyggjarar.

Det historiske senteret i Siena er ein del av verdsarvlista til UNESCO. Byen er også kjend for Palio di Siena, eit årleg hesteløp på sentrumsplassen Piazza del Campo med lange tradisjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Siena vart først busett av etruskarar (om lag 900 fvt. til 400 fvt.) og ei stamme kalla Saina. Under keisar Augustus vart han ein romersk by kalla Saena Julia . Dei første skriftlege kjeldene som nemner byen er frå 70 evt. Siena kan ha vore under gallarane sin kontroll då dei plyndra Roma i 390.

Domkyrkja i Siena

Byemblemet til Siena viser ein houlv som gjev mat til spedborna Romulus og Remus. I følgje segna vart Siena grunnlagd av Senius, sonen til Remus. Forskarar meiner at namnet kjem frå den etruskiske stamma kalla Saina, det romerske familienamnet Saenii eller det latinske ordet senex ('gamal') eller seneo ('å vere gamal').

Siena voks ikkje stort under romarane. Han låg ikkje nær nokre større vegar og handelen gjekk derfor tregt. Det var først då langobardar erobra området at byen byrja å vokse. Sidan dei gamle romarvegane låg utsett til for åtak frå Austromarriket, la langobardane frå Roma og nordover til Siena. Siena blømde då som ein handelsstasjon og den konstante straumen av pilegrimar på veg til Roma var ei fast inntekt i hundreåra som følgde.

I 774 erobra Karl den store byen og området. Fleire familiar fekk makt i området og då Matilda av Toscana døydde i 1115 vart markgrevskapet Tuscia, som hadde vore i familien hennar, Kanossa, sin eigedom, delt opp i fleire sjølvstyrte område.

Palazzo Salimbeni i Siena

Siena blømde under desse nye tilhøva og vart eit stort senter for banktenester og ein viktig aktør på ullmarknaden. Han vart først styrt av ein biskop, men adelen i byen fekk stadig meir makt og då dei gav biskopen hjelp i ein strid med Arezzo enda det heile med at Siena erklærte seg sjølvstendig frå bispedømet i 1167.

På 1100-talet vart domkyrkja Duomo og Piazza del Campo bygd. Han fekk bymurar i 1194. På byrjinga av 1100-talet fekk folket i byen gradvis meir makt og det var stadig krangling mellom den folkelege makta og adelsmakta. Dei stod derimot saman mot den store rivalen deira, Firenze. På 1200-talet støtta byen hovdusakleg ghibellinarane, i motsetnad til Firenze som støtta guelfarar. Denne konflikten danna noko av bakteppet for Dante sin Den guddommelege komedie.

4. september 1260 slo dei senesiske ghibellinarane med støtte frå kong Manfred av Sicilia dei florentinske guelfarane i slaget ved Montaperti. Hæren frå Siena mønstra 20 000 mann, medan florentinarane hadde 33 000. Florentinarane gjorde fleire forsøk på å ta byen før hæren til Siena slo til med eit motåtak. Forrædarar i styrkane til Firenze tok livet av flaggberarane og i kaoset som følgde braut den florentinske hæren saman og flykta frå slagmarka. Om lag halvparten av den florentinske hæren mista livet. Nederlaget var så stort at sjølv i dag når dei to byane møtes innan idrett så kan supportarane frå Siena ofte rope «Husk Montaperti!» til Firenze sine supportarar.

Piazzo del Campo i Siena

Universitetet i Siena vart grunnlagd i 1203 og er kjend for fakulteta innan jus og medisin og er framleis eit av dei viktigaste universiteta i Italia. Siena var ein rival til Firenze innan kultur på 1200- og 1300-talet og den viktige mellomaldermålaren Duccio di Buoninsegna (1253–1319) var frå Siena. Siena vart hardt råka av Svartedauden i 1348 og uheldige økonomiske verksemder. Byen hamna til slutt under Gian Galeazzo Visconti av Milano for å forsvare seg mot utvidingane til Firenze.

I 1404 vart Visconti-familien kasta ut og eit styre av ti forstandarar vart oppretta i allianse med Firenze mot kong Ladislas av Napoli. Då Pius II frå Siena vart vald til pave, kom Piccolomini-familien og andre adelsfamiliar til makta, men då han døydde vart byen igjen folkestyrt. I 1472 oppretta republikken Monte dei Paschi, ein bank som framleis er aktiv i dag og er ein av dei eldste bankane i verda i drift. Adelen kom igjen til makta under Pandolfo Petrucci i 1487 med støtte frå Firenze og Alfonso av Calabria. Petrucci, som styrte byen effektivt fram til han døydde, var ein kunst- og vitskapselskar som forsvarte byen mot Cesare Borgia. Pandolfo vart etterfølgd av sonen Borghese, som vart fjerna av søskenbarnet Raffaello med hjelp frå Medici-paven Leo X. Den siste frå Petrucci-slekta var Fabio som vart jaga bort av innbyggjarane i 1523. Dei indre stridane starta igjen og folkestyret i byen dreiv bort Noveschi-familien som var støtta av pave Klemens VII. Paven sende ein hær for å hjelpe adelen, men hæren vart slått ved Camollia i 1526. Keisar Karl V nytta den kaotiske situasjonen og sette ein spansk garnison i byen. Innbyggjarane jaga denne ut i 1552 og allierte seg med Frankrike. Karl aksepterte ikkje dette og sende generalen Gian Giacomo Medici for å kringsetje byen med ein samla hær frå keisaren og Firenze.

Styret i Siena lét Piero Strozzi forsvare byen. Han vart slått i slaget ved Mariciano i august 1554 og alt håp var ute. Etter 18 månader med motstand overgav dei seg til Firenze den 17. april 1555, noko som markerte slutten på Republikken Siena. Den nye spanske kongen Filip skulda store summar til Medici, avstod byen til storhertugdømet Toscana, der han vart verande fram til samlinga av Italia på 1800-talet.

Kjende personar knytte til Siena[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Siena

Kjelder[endre | endre wikiteksten]