Lotten von Kræmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lotten von Kræmer
Lotten von Kraemer.jpg
Nasjonalitet Svensk
Fødd 6. august 1828
Stockholm
Død

23. desember 1912 (84 år)
Stockholm

Yrke forfattar
Lotten von Kræmer på Commons

Charlotta Lovisa von Kræmer (6. august 182823. desember 1912), kjend som Lotten von Kræmer, var ein svensk forfattar, feminist og velgjerar. Ho stifta det svenske litteraturakademiet Samfundet De Nio, og litteraturprisen Lotten von Kræmers pris er kalla opp etter henne.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Lotten von Kræmer var dotter av friherre Robert Fredrik von Kræmer, som var landshövding i Uppsala län. Ho hadde fire sysken og voks opp på Uppsala slott, der ho blei undervist av professorer og dosentar frå Uppsala universitet.

Familien hadde ein kulturell omgangskrins med diktarar som Geijer og Atterbom. Lotten von Kræmer gjorde seg kjend i selskapslivet for sine talet ved litterære opplesinga, tablåspel og amatørførestillingar som blei framførte på slottet og nokre gonger på Uppsala teater. Som ung danna ho ein ambisjon om å bli forfattar og tileigna seg radikale idear.

Sommaren 1847 reiste von Kræmer og familien gjennom Tyskland, Austerrike og Italia. Dette året byrja ho også langsamt å bli døv etter å ha hatt skarlagensfeber, noko som påverka henne djupt. I 1855 blei ho hemmeleg trulova med ein dosent i estetikk, Sten Johan Stenberg, men baut trulovinga i 1870, både på grunn av døvheita si og fordi Stenberg mislikte ideala og ambisjonane hennar. Ho gifta seg aldri.

Lotten von Kræmer på eldre dagar.

I 1879 busette Lotten von Kræmer seg i Stockholm. Då faren døydde i 1880 arva ho ein stor formue som ho tok vare på, samtidig som ho gav fritt til støtte for felt ho ivra for. I åra som gjekk levde ho sjølv stadig meir spartansk og blei til slutt sett på som ein original eller ei «fillefrøken».

Lotten von Kræmer er gravlagd på Uppsala gamla kyrkogård.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Litterær verksemd[endre | endre wikiteksten]

Av diktsamlingane til von Kræmers kan Dikter (1863), Ackorder (1870), Nya dikter (1882) og Fragment jämte andra dikter (1902) nemnast særskilt. Ho skreiv også det nyrasjonalistiske skriftet Tankar i religiösa ämnen (1866), dei novellistiske skissene Fantasiklängväxter kring verklighetens stam (1865), reiseskildringa Bland skotska berg och sjöar (1870) og dramaene Strid (1860), Felicia (1882) og Farna (1893, 1902).

Ho skipa tidsskriftet Vår tid som kom ut i tre årgangar frå 1877 til 1879.

von Kræmer testamenterte huset på Villagatan 12 i Stockholm til Samfundet De Nio

Sosialt engasjement[endre | endre wikiteksten]

Lotten von Kræmer ivra for sosiale reformer, mellom anna for rettane til kvinner, og i 1872 grunnla ho det første stipendfondet for kvinnelege studentar ved Uppsala universitet. Ho gav også pengestøtte til tidsskriftet Ord och Bild, Fredrika Bremer-förbundet, Handarbetets vänner og Östermalms arbetsstuga för fattiga barn.

Von Kræmer var også aktiv i kampen for kvinneleg røysterett, og var ein av dei største bidragsytarane til Landsföreningen för kvinnans politiska rösträtt (LKPR). Under den internasjonale røysterettskongressen i Stockholm i juni 1911, då rørsla heldt eit opptog gjennom byen, stoppa han opp utanfor balkongen hennar.[2]

Samfundet De Nio[endre | endre wikiteksten]

Lotten von Kræmer stifta Samfundet De Nio og testamenterte seinare eigedommen sin til verksemda, noko som gav grunnlaget for Lotten von Kræmers pris. Hennar Samlade skrifter blei gjevne ut av gruppa i 1918.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Gravsteinen på Uppsala gamla kyrkogård.

Diverse[endre | endre wikiteksten]

  • Tankar i religiösa ämnen. 1-2, Edquist, Uppsala 1866. Libris 1582658.  - Utgivna anonymt.
  • Lady Jane Wilde's letters to fröken Lotten von Kræmer, 1857-1885, Edwin Mellen Press, Lewiston, N.Y. 2008. ISBN 978-0-7734-4891-9. Libris 11301432.  - Edited by Karen Sasha Anthony Tipper. With a preface by Donald Mead.

Redaktørskap[endre | endre wikiteksten]

  • Vår tid: illustrerad tidning, Stockholm 1877-1879. Libris 9979092. 

Samla skrifter og utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Uppsala gamla kyrkogård: 55-0048 från svenskagravar.se
  2. Barbro Hedvall: Vår rättmätiga plats: om kvinnornas kamp för rösträtt, Bonnier Fakta, Stockholm 2011. ISBN 978-91-7424-119-8. Libris 12141988. 
  3. Lotten von Kræmer Samfundet De Nio

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]