Lough Conn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lough Conn
innsjø
none  Lough Conn med Nephin i bakgrunnen
Lough Conn med Nephin i bakgrunnen
Område County Mayo
utløp Moy
Areal 57 km² km²
Wikimedia Commons: Lough Conn

Lough Conn er ein innsjø (på engelsk lough) i County Mayo i Republikken Irland. Han har eit areal på 57 km². Like sør for Lough Conn ligg ein annan innsjø, Lough Cullin og begge er forbunde til havet via elva Moy. Lough Conn er kjend for aure- og laksefiske.

I keltisk mytologi vart Conn danna då Finn Mac Cumhall jakta med hundane sine, Conn og Cullin. Dei kom over eit villsvin og Finn og hundane la etter det. Medan villsvinet sprang kom det vatn ut frå føtene hans. Hundane sprang frå Finn og etter kvart var Conn føre Cullin. Conn jaga villsvinet i fleire dagar fram til innsjøen dukka opp. Villsvinet svømde i land medan Conn drukna. Det same skjedde lenger sør med Cullin.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]