Ludvig vart fødd i den franske byen Saint-Germain-en-Laye. Han var eldste son av kong Ludvig XIII og prinsesse Anna av Austerrike. I 1643 vart Ludvig XIV konge berre fem år gamal. Ein minister styrte landet til han sjølv var gamal nok. Ludvig er mest kjend for slottet i Versailles, som han lét byggja ut i stor stil. Slottet er eit døme på barokk stil, den leiande stilarten i Europa på denne tida.
Ludvig gifta seg med Maria Theresia av Austerrike (1638-1683) den 9. juni1660, saman fekk dei 6 barn. Berre eitt av desse vart vaksen, tronarvingen Ludvig, Le Grand Dauphin. I tillegg til Maria Theresia hadde kongen fleire elskarinner, av desse er Madame de Montespan den mest kjende.