Ludvig XV av Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig XV

Louis XV av Louis-Michel van Loo
Konge av Frankrike og Navarre
Regjeringstid1. september 1715–10. mai 1774
Kroning25. oktober 1722
Fullt namnLouis de France
Fødd15. februar 1710
FødestadVersaillespalasset i Frankrike
Død10. mai 1774 (64 år)
DødsstadVersaillespalasset i Frankrike
GravstadSaint Denis Basilica i Frankrike
FøregangarLudvig XIV
EtterfølgjarLudvig XVI
GemalinneMaria Leszczyńska
Gift medMarie Leszczyńska
KongehusHuset Bourbon
DynastiHuset Bourbon, huset Bourbon i Frankrike
FarLouis, dauphin av Frankrike
MorMarie Adélaïde av Savoie
BornLouise Élisabeth of France, Princess Henriette of France, Princess Louise of France, Ludvig Ferdinand, Princess Marie Adélaïde of France, Princess Victoire of France, Sophie of France, Princess Thérèse of France, Louise de France, Philippe, Duke of Anjou, Charles de Vintimille, Philippe de Narbonne-Lara, Louis Marie de Narbonne-Lara, Adélaïde de Saint-Germain, Charles Louis Cadet de Gassicourt, Louis-Aimé de Bourbon, Marie-Françoise Julie Constance Filleul, Adélaïde de Saint-André, Agnes Louise de Montreuil, Anne Louise de la Reale, Agnes Lucie d'Auguste, Aphrodite Lucie d'Auguste, Louis LeDuc

Ludvig XV (15. februar 171010. mai 1774) var konge av Frankrike frå 1715.

Han var son av Ludvig av Burgund og Marie Adélaïde av Savoie, og oldebarn av den førre kongen, Ludvig XIV av Frankrike (solkongen). Både faren og farfaren var daude då han kom på trona. Hertug Filip av Orléans førte formyndarstyret til 1723. I 1725 gifta Ludvig seg med Maria Leszczyńska.

Ludvig spelte ikkje personleg noka politisk leiarrolle. Han hadde sterke rådgjevarar og elskarinnene hans Madame de Pompadour og Madame du Barry hadde stor innverknad. Formyndarstyret hadde gjeve parlamenta (dei høgaste domstolane) tilbake retten til å gjere innseiingar mot kongelege forordningar. Regjeringane til Ludvig låg i stadig strid med parlamenta, som forsvarte stands- og provinsprivilegium, særleg når regjeringa søkte å skrive ut nye skattar for å løyse finanskrisa, som vart forverra under dei mange krigane. I 1771 vart parlamentet oppløyst og bytt ut med domstolar utan politisk makt, men dei vart innsette på nytt etter at Ludvig døydde. Indre konfliktar og dårleg styre medan Ludvig XV veikte mykje av vørdnaden for kongedømet. Dette saman med nederlaga i mellom andre den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748) og sjuårskrigen (1756–1763) peikte fram mot den franske revolusjonen femten år etter at Ludvig døydde.

Med Maria hadde Ludvig mellom anna sonen Ludvig, som vart far til tre kongar: Ludvig XVI, Ludvig XVIII og Karl X.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]