Slottet i Versailles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slottet i Versailles

ArkitektLouis Le Vau, François d'Orbay, Jules Hardouin-Mansart, André Le Nôtre, Charles Le Brun, Robert de Cotte, Ange-Jacques Gabriel
Stilnyklassisistisk arkitektur, fransk barokkarkitektur
Kart
Slottet i Versailles
48°48′17″ N 2°7′13″ E
Slottet i Versailles sett frå slottsplassen.
Den strengt oppbygde parken på baksida av slottet.

Slottet i Versailles (fransk Château de Versailles), ofte berre kalla Versailles, er eit kongeleg slott i Versailles vest for Paris sentrum.

Det majestetiske slottet og parken rundt blei oppført av Ludvig XIV, kjend som Solkongen, for å visa fram makta si og for å flytta frå opprørske Paris.

Slottet er kjend for ei rekke historiske hendingar, som utropinga av Det tyske keisarriket i 1871 etter at Frankrike tapte den fransk-prøyssiske krigen, og Versaillestraktaten som blei utforma og underskriven her etter første verdskrigen.

Det barokke slottet i Versailles inspirerte monarkar og andre byggherrar rundt om i Europa til å oppføra liknande bygg. Det står i dag på UNESCO-lista over verdsarva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Slottet i Versailles