Loulé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loulé
by
Land  Portugal
Region Algarve
Distrikt Faro
Areal 764,2 km²
Folketal 70 622 (2011)[1]
Kart
Loulé
37°8′38″ N 8°1′24″ W
Wikimedia Commons: Loulé
Frå Carnaval de Loulé
Kyrkja Nossa Senhora da Piedade i Loulé

Loulé er ein by og kommune i Faro distrikt i den sentrale delen av Algarve sør i Portugal. Han er den største og folkerikaste kommunen i Algarve med eit areal på 764,2 km² og eit innbyggjartal på 70 622 (2011).[2] Sjølve byen har cirka 12 100 innbyggjarar. Kommunen grensar til Almodovar i nord, Alcoutim, Tavira, São Brás de Alportel og Faro i aust og til Albufeira og Silves i vest, med kyst mot Atlanterhavet i sør.

Loulé er ein viktig turiststad på sørkysten av Portugal (Algarvekysten), som er kjend for det årlege karnevalet sitt – Carnaval de Loulé. I tillegg til byen som har gjeve namn til kommunen, omfatta kommunen også byen og feriestaden Vilamoura/Quarteira.

Sokn[endre | endre wikiteksten]

Lagoa består av ni sokn (freguesias):[3]

  • Almancil
  • Alte
  • Ameixial
  • Boliqueime
  • Quarteira
  • Querença, Tôr e Benafim
  • Salir
  • São Clemente
  • São Sebastião

Folk frå Loulé[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://mapas.ine.pt/download/index2011.phtml; vitjingsdato: 19. september 2018.
  2. «Statistics Portugal». ine.pt. Henta 7. mai 2018. 
  3. «Lei n.º 11-A/2013 de 28 de janeiro. Reorganização administrativa do território das freguesias» (pdf). Diário da República (på portugisisk) (19 de 28 de enero de 2013 (Série I), Suplemento). ISSN 0870-9963. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]