Lovund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lovund
Lovund sett frå Dønnesfjellet
Lovund sett frå Dønnesfjellet
Geografi
Norway - Lovund.png
Stad Helgeland
Koordinatar 66°21′48″N 12°20′03″EKoordinatar: 66°21′48″N 12°20′03″E

Areal 4,9 km²

Høgaste punkt Lovundfjellet (625 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 370 (2004)
Folketettleik 76 /km²

Lovund er ei øy i Lurøy kommune med eit areal på 4,9 km². Lovundfjellet på 625 moh. ruger over det litle pittoreske øysamfunnet som livnærer seg av havet, og då hovudsakleg av lakseoppdrett. Folketalet har auka monaleg dei siste15 åra frå ca. 260 til ca. 370 innbyggjarar (2004) og med 60 % under 30 år. Talet på bufaste er stadig aukande. Postnummeret er 8764 LOVUND.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Orografisk stratus på Lovundfjellet på ein elles klår sommardag.

Det er gjort funn av busettingsspor på øya frå yngre steinalderen. Frå nyare tid har ein kjelder som skildrar leiglendingsbruk på 1500-talet. Livsgrunnlaget på øya har vore ein kombinasjon av fiske, egg og dunvær og jordbruk i småskala. Ein topp i folkesetnaden på Lovund kan vere ca. 2000 menneske som var registrert i samband med det store sildeåret 1860. Før denne toppen var det 12 bufaste familiar som auka til 13 etter 1860. Frå 1950-talet var det typisk tre fiskebruk på øya og på det meste opp til elleve bruk. Frå ca. 1955 til 1975 var det produksjon av tørka småsei for eksport. I 1967 starta produksjonen av seilaks og i 1972 vart den første verksemda for oppdrettslaks i Nord-Noreg skipa her.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

I 2007 er det ikkje mange att som har jordbruk som leveveg på Lovund. Mellom ca. 1975 og 2005 har næringsgrunnlaget i stor grad endra seg frå den typiske kombinasjonen fiske og småbruk mot havbruk og i ei viss monn mot turisme. Her finst ein emballasjefabrikk og ei verksemd som handsamar avfall frå fiskeindustri. Lakseslakteriet på Lovund har ein døgnkapasitet på ca. 70–80 tonn råstoff.

På Lovund står kyrkjebygget til Den norske kyrkja, Lovund kyrkje og eit kyrkjebygg eigd av Den evangelisk-lutherske frikyrkja ikkje langt frå kvarandre.

Lundefuglen[endre | endre wikiteksten]

Det finst ein fast hekkekoloni av lundefugl på Lovund, populasjonen er på om lag 200 000 individ. Kolonien kjem inn i fuglefjellet frå havet på «lundkommardagen», til vanleg den 14. april kvart år og returnerer 15. august. I 2007 var det ca. 500 personar som observerte innflyginga 14. april. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]