Lower Lough MacNean

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lower Lough MacNean
innsjø
none
Område County Fermanagh
Utløp Arney
Øyar Cushrush Island, Jinny's Island
Wikimedia Commons: Lower Lough MacNean

Lower Lough MacNean er ein innsjø (på engelsk lough) i County Fermanagh i Nord-Irland. Elva får vatn frå ei lita elv som renn frå Upper Lough MacNean og ut i innsjøen ved ein bruovergang nær landsbyen Belcoo. Vidare frå innsjøen renn elva Arney.

Innsjøen inneheld to øyar. Cushrush Island er den største av desse og den andre er Jinny's Island som er mindre og dekt skog. Ei vegfylling vart bygd ut til Cushrush Island i 1960-åra, slik at det skulle verte lettare å flytte dyr ut til øya.

Cushrush Island ser ut til å ha vore busett sidan mellomsteinalderen ut i frå funn av flintreiskapar.

Lough MacNean har endra mykje form sidan 1960-åra på grunn av ein omfattande dreneringsoperasjon. Innsjøen hadde mykje ål før dette, men oppmudring under uttømminga førte til at talet minka drastisk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]