Ludvig Kyhn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ludvig Kyhn
Fødd 25. august 1817
Eidsvoll
Død

23. februar 1890
Hamar

Yrke politikar

Ludvig Kyhn (25. august 181723. februar 1890) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Eidsvoll.

Kyhn var son til ein lensmann. Sjølv vart han student i 1834 og cand.jur. i 1840. Allereie i 1836 fekk han seg arbeid som kopist i Kyrkjedepartementet, i 1843 fullmektig og året etter byråsjef i same departmentet og til sist, 1847, ekspedisjonssekretær. I 1856 vart han utnemnd til amtmann i Hedmark og frå 1865 også den fyrste stiftamtmann i Hamar stift.

Kyhn representerte mjøsbyane, Hamar, Lillehammer og Gjøvik, på Stortinget frå 1871-79. Heile tida på Tinget var han medlem av Konstitusjonskomiteen og av Lagtinget. I 1858 var han medlem av skulelovskommisjonen som leia fram til skulelova av 1860. Kyhn vart i 1879 utpeika til leiar av ein kongeleg kommisjon vedkomande leiglendingvesenet. Elles var han 1883-90 formann i tilsynskommisjonen for jarnbanen Eidsvoll-Tynset.

Han døydde på Hamar i 1890, etter 34 år i amtmannsembetet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]