Eidsvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eidsvoll/Sundet
tettstad
Land  Noreg
Fylke Akershus
Kommune Eidsvoll
Areal 3,84 km²
Folketal 6 672  (2023)
Folketettleik 1 738 / km²
Postnummer 2080 EIDSVOLL
Innbyggjarnamn eidsvolling
Preposisjon Eidsvoll/Sundet
Kart
Eidsvoll
60°19′42″ N 11°15′30″ E
Wikimedia Commons: Eidsvoll (village)

Eidsvoll i Eidsvoll kommuneRomerike i Akershus er eit geografisk namn som er sett saman av ordet eid, som her opphavleg galdt ein ferdsleveg langs Sundfossen i elva Vorma sør for tettstaden Sundet, og ordet voll i tydinga eng.

Namnet Eidsvoll vert nytta om kommunen, og dessutan ofte om tettstaden Sundet, eller òg det området i kommunen på båe sider av Vorma som femner om tettstaden Sundet, jarnbanestasjonen og kyrkja. Området som lokalt har namnet Eidsvoll Verk, staden der Eidsvollsbygningen ligg og grunnlova vart vedteken i 1914, vert i nasjonal samanheng òg omtalt som Eidsvoll; «grunnlova vart vedteken på Eidsvoll».

Dampbåtar på Vorma framfor Eidsvoll jarnbanestasjon i 1866.

Tettstaden Sundet, eller Eidsvoll sentrum, er administrasjonssenteret i kommunen med 6 672 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tettstaden ligg på austsida av elva Vorma, nord for Sundfossen, på den andre sida av elva i høve til Eidsvoll kyrkje og den no nedlagde Eidsvoll jarnbanestasjon på Hovedbanen og den nye Eidsvoll stasjon på Gardermobanen, om lag 3 km frå stasjonen.

Sundet var opphavleg namnet på ein tidlegare gard attmed Vorma, rydda i gamalnorsk tid. Denne garden, med matrikkelnummer 16, vart skilt ut frå garden Vilberg då Sundet vart fast ferjestad for trafikk over Vorma, før den gamle Sundbrua over elva vart bygd. No er det bygd ei ny vegbru i betong nokre hundre meter lenger sør, om lag der Andelva frå Hurdalsjøen renn ut i Vorma. Den gamle brua, som er i stål, er teken vare på som bru for fotgjengarar og syklistar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Eidsvoll – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Akershus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.