Lugaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Luga
elv
Laukaanjoki Jaamassa 1.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 13 200 km²
Lengd 353 km
Middelvassføring 93 /s
Munning Lugabukta
Wikimedia Commons: Luga River

Luga (russisk Луга, finsk Laukaanjoki, votisk Laugaz) er ei elv i Novgorod oblast og Leningrad oblast i Russland og ei av sideelvane til Neva frå venstre. Elva er 353 km lang og har eit nedslagsfelt på 13 200 km². Elva har ei middelvassføring på 93 m³/s.

Kjeldeområdet ligg om lag 20 km nord for Novgorod, i myrområda ved Tesovskij. Ho munnar ut i Lugabukta i Finskebukta. Elva frys til tidleg i desember og er isdekt til tidleg i april. Den største sideelva hennar er Oredezj. Ved høg vassføring renn vatn frå Luga over i bifurkasjonen Rosson og over til Narva.

Enkelte delar av Luga er framkommelege for båtar. Byane Luga og Kingisepp ligg langs elva. Ved munningen av Luga ligg containerterminalen Ust-Luga.

I nærleiken av elvemunningen bur den siste rest av menneske som framleis kan snakke votisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]