Luis Buñuel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Luis Buñuel
Luis Buñuel.JPG
Fødd 22. februar 1900
Calanda
Død

29. juli 1983
Mexico by

Luis Buñuel på Commons

Luis Buñuel Portolés (22. februar 190029. juli 1983) var ein spansk-meksikansk filmskapar, fødd i Calanda i Spania, død i Mexico-byen. Han vert rekna som ein av dei mest nyskapande filmfolka i det 20. hundreåret.

Buñuel vart i mellomkrigstida kjend som ein surrealistsk filmregissør. Saman med Salvador Dalí, og ei surrealist-gruppe i Paris, med André Breton som den fremste, skapte han ei ny form for spelefilm. Det mest kjende verket frå den tida er filmen Un chien andalou (Ein andalusisk hund) frå året 1929. Eit sentralt tema i filmane til Buñuel er borgarskapet og den tanketome og kjenslelause striden det fører for å vidareføre leveviset sitt. Noko filmar som Mordarengelen (El ángel exterminador) frå 1962 og Borgarskapets diskrete sjarm (Le charme discret de la bourgeoisie) er gode døme på. Sistnemnde film vart tildelt Oscar-pris for 1972.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]