Lussekatt
Lussekatt er eit gulfarga bakverk som er knytt til advent, luciadagen og jul. Dei er ein type gjærbakst med kveitemjøl som ofte vert farge- og smaksette med safran.[1] Ofte vert lussekattar forma som ein S og pynta med rosiner og perlesukker. Ein kan også baka to S-ar saman side om side eller i kross. Skikken med å bake lussekattar oppstod i Sverige, der dei har ein sterk tradisjon for å feire luciadagen. Han har sidan vandra inn til Noreg.
Andre namn på bakverket er lussebulle, lussekuse, saffransbulle, saffranskuse, julkuse og tidlegare også dövelskatt eller dyvelkatt.[2][3] Bakverket stammar truleg frå Nederlanda og Nord-Tyskland, der det finst eit søtt julebrød av kveite som heiter duivekater. Dette vart truleg eksportert til Göteborg på 1600-talet. Ifølgje Nordiska museet vart dette namnet truleg forsvenska til dyvelskatter og djävulskatter. Etterkvart som dei vart knytte til luciadagen fekk dei så namnet lussekattar.[4] Det vart vanleg å nytta safran i deigen seint på 1800-talet.[5] I Göteborg har det likevel vore vanleg å laga dei utan safran.[1]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Heva safrandeig til lussekattar.
- Lussekattar under baking.
- Ferdige lussekattar.
- Julgalt
- Julkuse
- Gullvagn
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Blomdahl, Victor (2018-12-09). «Lussemysteriet: Därför tvekar göteborgare över saffran». gp.se (på svensk). Henta 2020-12-10.
- ↑ Svenska Akademiens ordbok: Lusse-katt (Trykka 1941)
- ↑ Svenska Akademiens ordbok: Dövelskatt (Trykka 1923)
- ↑ «Åtta snabba frågor om luciafirandet till experten». Nordiska museet (på svensk). 2019-12-02. Arkivert frå originalen 2020-11-27. Henta 2020-09-28.
- ↑ Kättström Höök, Lena; Lund Kristina: Lucia i nytt ljus, Nordiska Museets förlag, 2016 (swe), s. 24. ISBN 9789171085887. Libris 19775090.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Lussekatt» frå Wikipedia på svensk, den 9. november 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]| Lussekatter. Oppskrift i Kokebok på Wikibøker. |