Lynni Treekrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lynni Treekrem
Lynni Treekrem (11097024646).jpg
Fødd 26. desember 1958
Seattle
Yrke songar, komponist

Lynni Treekrem (fødd 26. desember 1958) er ein norsk musikar frå KristiansundNordmøre.

Treekrem vart fødd i 1958 i USA, men allereie da ho var 3 år gammal flytte familien til Noreg og busette seg i Kristiansund. Interessa for song og musikk var stor, og ho underheldt stadig familie og venner. Mens ho gjekk på ungdomsskulen vart ho med i Kristiansundsgruppa Asterix. Nokre av barndomsvenene hennar var Frode Alnæs og Øyvind Elgenes som seinare kom til å etablere gruppa Dance with a Stranger. Ho deltok òg i fleire talentkonkurransar.

Treekrem har seinare samarbeidd med mange kjende artistar, som Åge Aleksandersen, Frode Alnæs og Jonas Fjeld. Hausten 1991 kom debutplata hennar ut, Ut i vind, som vart godt motteken. Den neste plata hennar, Tusenfryd, vart ikkje fullt så populær, og det tredje albumet hennar, Storm vart òg noko lunka motteke. Storm er den «mørke» plata hennar — innspela i ei tid då Lynni gjennomgjekk depresjonar og skilsmisse. I 2003 kom samle-CDen I manesjen.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!