Hopp til innhald

Spellemannprisen 1995

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1995 blei delt ut våren 1996. Morten Harket vann prisen for Årets spellemann og vann totalt fire prisar for albumet Wild Seed. Arne Bendiksen vann heidersprisen frå juryen dette året og fekk då den første Spellemannprisen sin. I likskap med utdelinga av 1994-prisen, blei det heller ikkje dette året delt ut nokon pris innan nokon vise-klassar.

Klasse Artist Tittel
Kvinnelege artistLynni TreekremHaugtussa
Mannlege artistMorten HarketWild Seed
GruppedeLillosSent og tidlig
RockSeigmenMetropolis
Folkemusikk/gammaldansNye RingnesinFrå vals til vise
JazzVigleik Storaas TrioBilder
KammermusikkCikada StrykekvartettBlack Angels
OrkestermusikkTruls Mørk og London Philharmonic Orchestra med Mariss JansonsSjostakovitsj: cellokonserter
Open klasseTerje RypdalIf Mountains Could Sing
BarneplateGustav LorentzenKanskje kommer kongen
Årets låtMorten Harket og Håvard Rem«A Kind of Christmas Card»
Årets albumMorten HarketWild Seed
Årets nykomarGreen CortinasSleep
Årets spellemannMorten Harket
Spesialpris: heiderspris frå juryenArne Bendiksen