Lyrical Ballads

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fyrsteutgåva av Lyrical Ballads

Lyrical Ballads, with a Few Other Poems er ei diktsamling av dei engelske diktarane William Wordsworth og Samuel Taylor Coleridge, utgjeven i 1798. Naturtilbedinga og den folkelege forma som særpregar verket, gjer at dikta representerer eit opprør mot dei ideala ein finn i klassisismen, og markerer eit definitivt gjennombrot for romantikken i engelsk litteratur. I 1797 hadde dei to diktarane kome saman og byrja arbeidet med samlinga. Coleridge og kona hans tok bustad i ein landsby i Somerset, medan Wordsworth og systra slo seg ned i Alfoxden, som ligg så nære kvarande at dei to venene kunne møtast dagleg. Lyrical Ballads inneheld 19 dikt av Wordsworth, og mellom dei er Lines Written a Few Miles above Tintern Abbey. Coleridge medverkar på si side med berre fire dikt i 1798-utgåva, men mellom desse finn ein The Rime of the Ancient Mariner (no. Soga åt den gamle sjømannen[1]) som er eitt av dei mest kjende dikta hans.

I år 1800 gav Wordsworth boka ut på nytt – utvida med to band – og ustyrte henne med eit poetisk manifest i form av eit føreord som seinare har blitt omtala som «lyrikkens sjølvstendeerklæring».[2]

«[...] Hovudføremålet som er sett fram i desse dikta, var å velja hendingar og tilhøve frå vanleg ålment liv, og å fortelja og skriva om dei, så langt råd var, i eit språk som verkeleg vert tala av folk, og, på same tid, å svøypa over dei ei viss farelegging av fantasi, slik at dei kvardagslege tinga skulle synast fram for medvitet frå ei uvanleg side, og vidare, og framfor alt: å gjera desse hendingane og tilhøva gripande ved å rekkja faret i dei - sannferdig, men ikkje prangande - etter dei grunnleggjande lovene i vår natur. [...]»

Utdrag av William Wordsworth sitt føreord til den andre utgåva.
(Gjerdåker 2000, s. 92 )

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Lyrical_Ballads» i Store norske leksikon, snl.no.
  • Gjerdåker, J. (2000) «Etterord» i – Gjerdåker, J. Mjølk av paradis : engelsk og skotsk lyrikk frå Thomas Gray til John Clare (s. 90-92). Oslo: Samlaget

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk tittel etter attdikting av Johannes Gjerdåker.
  2. Zetterholm, Tore (1986). «Skjønnhet er sannhet». Levende litteratur - fra Gilgamesj til Bob Dylan. Oslo: Den norske Bokklubben. s. 159. 
Spire Denne litteraturartikkelen som har med England å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.