Lysestake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike lysestakar frå Westfalen, avbilda i 1908.

Lysestake er ein haldar for levande lys som gjer at dei står loddrett og ofte også brenn trygt. Ein lysestake kan vera utforma med plass til eitt eller fleire lys. Han kan vera laga for å stå på eit bord eller golv, til å hengja på veggen eller frå taket i ei lysekrone. I tillegg til den praktiske funksjonen sin kan lysestakar også vera kunstferdig utforma pyntegjenstandar. Nokre kan ha rituell tyding, som den kristne adventsstaken eller den jødiske menoraen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lysestake
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.