Lysstyrke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lysstyrke for ei lyskjelde i ei gjeven retning er lik forholdet mellom lysstraumen i eit lite romvinkelelement omkring den gjevne retninga og storleiken av romvinkelelementet.

Eininga for lysstyrke er candela (cd) og er ei av grunneiningane i SI-systemet. 1 candela er lysstyrken i ein viss retning frå ei kjelde som sender ut monokromatisk stråling med frekvens 540 · 1012 hertz og med strålingsstyrke i den gjevne retning på 1/683 watt/steradian.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Lysstyrken til monokromatisk lys med ei viss bølgjelengd λ er gjeven av

I_\mathrm{v} = 683 \cdot \overline{y}(\lambda) \cdot I_\mathrm{e},

der

Iv er lysstyrken i candelas (cd),
Ie er strålingsintensiteten i watt per steradian (W/sr),
\textstyle \overline{y}(\lambda) er standard luminositetsfunksjon.

Om det finst meir enn ei bølgjelengd (som vanlegvis er tilfelle), må ein summere eller integrere over spekteret av bølgjelengder for å få lysstyrken:

I_\mathrm{v} = 683 \int^\infin_0 \overline{y}(\lambda) \cdot \frac{dI_\mathrm{e}(\lambda)}{d\lambda} \, d\lambda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]