Lysmåling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lysmåling eller fotometri er måling av styrken eller intensiteten til ei lyskjelde, måling av lysstraum eller lysfluks og lysmengd eller illuminans. I praksis er det lysstraum eller belysningsstyrke som blir målt, medan lysstyrken til ei kjelde må reknast ut frå illuminansen han gjev i ein bestemd avstand og i ulike retningar.

Lysmåling er ein del av radiometri, som er læra om måling av strålingsenergi (inkludert lys) i form av absolutt styrke. I fotometri vert strålingsstyrken til kvar bølgjelengd vekta av ein luminositetsfunksjon som baser seg på korleis mennesket sansar lysstyrken.

Einingar[endre | endre wikiteksten]

Grunneininga for lysmåling i SI-systemet er eininga for lysstyrke, candela (cd). Tidlegare nytta ein eininga normallys (candle, internasjonalt lys) der 1 normallys = 1,05 cd, og hefnerlys der 1 hefnerlys = 0,94 cd. Desse einingane svarar om lag til lysstyrken frå eit vanleg stearinlys.

Dei andre einingane for lysmåling vert definert ut frå grunneininga.

Storleik Eining (symbol) Definisjon
Lysstyrke candela (cd) 1 candela er lysstyrken i ein viss retning frå ei kjelde som sender ut monokromatisk stråling med frekvens 540 · 1012 hertz og med strålingsstyrke i den gjevne retning på 1/683 watt/steradian. Dette er grunneininga i SI-systemet
Lysfluks lumen (lm = cd · sr) 1 lumen er lysfluksen eller lysstraumen i ein romvinkel på 1 steradian frå ei punktforma strålekjelde som stråler likt i alle retningar.
Lysmengd lumensekund (lm · s) Lysfluks multiplisert med tid
Illuminans lux (lx = lm/m²) Lysfluks mot ei flate dividert med arealet av flaten
Lyseksponering luxsekund (lx · s) Illuminans multiplisert med tid
Luminans cd/m² Lysstyrken frå eit flateelement sett frå ei særskild retning dividert med det tilsynelatande arealet til flatelementet.
Lyseksitans lm/m² Forholdet mellom lysfluksen frå eit flateelement og storleiken til flatelementet
Lysutbytte av ei lyskjelde lumen/watt (lm/w) Forholdet mellom lysfluksen frå ei lyskjelde og effekten av lyskjelda
Lysutbytte av stråling lumen/watt (lm/w) Forholdet mellom lysfluksen i ei stråle og energifluksen i strålen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]