Målarstokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Illustrasjon slår forklaring». Reklameplakat for Western Engraving i Seattle USA 1916 viser ein illustratør med målarstokk å støtta teiknehanda på.

Målarstokk er ein liten stokk eller pinne som kunstmålarar bruker til å støtta handa på når dei målar med ein pensel.

Stokken er rett, tynn, vanlegvis 70-80 cm lang og utstyrt med ei lita kule eller mjuk pute i den eine enden. Ved å kvila handa på stokken kan ein arbeida meir kontrollert med detaljar og føra penselen utan å klina til måleriet.

sjølvportrett og andre måleri frå perioden frå 1500- til 1800-talet er målarstokk typisk målarutstyr saman med palett, penslar og staffeli.

Målarstokk blir kalla maulstick eller mahlstickengelsk etter det nederlandske maalstok.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]