Sofonisba Anguissola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sofonisba Anguissola

Sjølvportrett, 1554
Statsborgarskap Italia
Fødd 1532
Cremona
Død

16. november 1625 (93 år)
Palermo

Yrke kunstmålar, kunstnar, biletkunstnar
Sjanger portrettmåleri, historiemåleri, sjangermåleri, religiøst maleri, portrett
Far Amilcare Anguissola
Ektefelle Fabrizio Moncada, Orazio Lomellino
Sofonisba Anguissola på Commons

Sofonisba Anguissola (ca 153216. november 1625) var ein italiensk portrettmålar frå Cremona. Ho var den mest etterspurde kvinnelege målaren i samtida. I portretta sine med dempa fargeskala var ho særleg påverka av Correggio.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

'Tre born med hund', ca. 1570-90

Sofonisba Anguissola var dotter til adelsmannen Amilcare Anguissola. Borna hans fekk namn henta frå antikken og vart oppfostra i samsvar med humanistiske renessanse-ideal. Både Sofonisba og systera Elena studerte hos målarane Bernardino Campi og Bernardino Gatti i Cremona. Sofonisba skal sjølv ha undervist den yngre systera Lucia, også ho kjend som ein gåverik målar.

Anguissola reiste til Roma og møtte Michelangelo, som omgåande såg talentet hennar. Vidare for ho til Milano, der ho måla hertugen av Alba. I 1559 reiste ho til Madrid og det spanske kongehoffet, då ho hadde fått i oppdrag å måle den spanske kongen og familien hans. Samstundes skulle ho vere hoffdame for den pur unge spanske dronninga, Elizabeth of Valois, som var ein ivrig amatørmålar. Seinare vart Anguissola offisiell hoffmålar i Spania. Ho tilpassa då stilen sin til dei meir formelle krava for offisielle, spanske hoffportrett.

I kontrakten hennar lova hoffet å skaffe henne ein standsmessig mann. Etter dronninga var død, hjelpte kongen til med å arrangere giftarmål med ein adelsmann, og Anguissola flytta til Palermo med sin sicilianske ektemann. Etter han var død, reiste ho tilbake til Spania. På reisa møtte ho Orazio Lomellini, gifta seg med han og slo seg ned i Genova. Ho dreiv der vidare verksemda som leiande portrettmålar.

Jamnast laga Anguissola portrett av enkeltpersonar eller familiar, men seinare i livet måla ho også religiøse tema. Mange av dei religiøse bileta har gått tapt. Etter ein augesjukdom vart ho svært nærsynt, og tillegg plaga med revmatisme. Då synet svikta, var Anguissola ein rik mesen for målarkunst. Ho døydde i Palermo, i kring 93 år gammal. Livsverket hennar hadde ein varande innverknad for dei etterfylgjande generasjonane av målarar. Hennar store suksess opna vegen for fleire kvinner til å gjere levebrød av si målargjerning.

Anguissola var ein av dei fyrste kvinnelege målarane med internasjonalt ry.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sofonisba Anguissola