Mårbjørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mårbjørn
Mårbjørn
Mårbjørn
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Mårbjørn
Utbreiinga av Mårbjørn
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Snikekattfamilien Viverridae
Slekt: Arctictis
Art: Mårbjørn A. binturong
Vitskapleg namn
Arctictis binturong

Binturong eller mårbjørn (Arctitis binturong) er ein rovdyrart i snikekattfamilien som lever i Sør- og Søraust-Asia.[1]

Mårbjørnen har ein 60–75 cm lang kropp med korte bein og ein buskete hale som er noko kortare enn kroppen. Halen kan nyttast som gripehale. Pelsen er svart av farge med brune til grå hårspissar. Øyrene har lange, svarte hårduskar. Ansiktet, øyrene og verhåra er kvite.[1]

Dyret lever hovudsakleg oppe i tre, men kan også ferdast på bakken.[2] Mårbjørnen et hovudsakleg plantekost, men kan også eta fugl og småpattedyr.[1]

Utbreiingsområdet til mårbjørn omfattar Bangladesh, Bhutan, Filippinane (øyane Calauit og Palawan), Indonesia (Java, Kalimantan og Sumatra), Kambodsja, Kina, Laos, Malaysia, Nepal, Thailand og Vietnam.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «binturong» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 Willcox, D.H.A.; Chutipong, W.; Gray, T.N.E.; Cheyne, S.; Semiadi, G.; Rahman, H.; Coudrat, C.N.Z.; Jennings, A.; Ghimirey, Y.; Ross, J.; et al. (2016). «Arctictis binturong». The IUCN Red List of Threatened Species (IUCN) 2016: e.T41690A45217088. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-1.RLTS.T41690A45217088.en. Henta 16 January 2018.