Mérida i Spania
Mérida | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Extremadura | ||
Provins | Badajoz | ||
Høgd | 217 m | ||
Areal | 865,60 km² | ||
Folketal | 59 857 (2024) | ||
Grunnlagd | 25 fvt. | ||
Postnummer | 06800 | ||
![]() Mérida 38°54′57″N 6°20′00″W / 38.915833333333°N 6.3333333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Mérida, Spain |
Mérida er hovudstaden i den autonome regionen Extremadura i Spania. Han har kring 60 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd i år 25 fvt. som Emerita Augusta, etter soldatane til keisar Augustus som grunnla byen. Namnet Mérida kjem av dette namnet. Byen vart grunnlagd for å verne ein fjellovergang og ei bru over elva Guadiana. Byen vart hovudstad i den romerske provinsen Lusitania og ein av dei viktigaste byane i Romarriket. Mérida har bevart fleire viktige romerske monument enn nokon annan by i Spania (mellom anna ein triumfboge frå tida under Trajan). På grunn av dette er den arkeologiske samlinga i Mérida innskriven på verdsarvlista til UNESCO.
Under vestgotarane var han framleis ein praktfull by, særleg under biskopane som styrte her på 500-talet, då han var hovudstad i Hispania. Biskop Paulus førte bispedømet til stor rikdom og det vart det rikaste i heile Spania. Biskop Fidelis gjenoppbygde domkyrkja og under biskop Masona vart han den første byen i Spania ein veit om med sjukehus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mérida, Spain» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2009.