Møkster
60°03′57″N 05°05′38″E / 60.06583°N 5.09389°E
| Møkster | |||
| øy | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Austevoll kommune | ||
| Høgaste punkt | 36 moh. | ||
| Areal | 1,39 km² | ||
| Folketal | 33 | ||
| Folketettleik | 31 / km² | ||
![]() Møkster 60°04′00″N 5°05′00″E / 60.06666667°N 5.08333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Møkster | |||
Møkster er ei øy i Austevoll i Vestland fylke. Øya har 33 innbyggjarar (2025).
Her er det moderne matbutikk som er open heile året og Møkster restaurant som er open om sommaren og med catering heile året. Knutaløo har sommarkafe og museum.
Det finst fleire gode hamner, gjestebrygge for fritidsbåtar og gjestebrygge for dei som vitjar butikk og restaurant.
Øya har ikkje brusamband eller bilferje. Snøggbåt går sørover til Bekkjarvik og nordover til Hufthamar, Flesland og Bergen. Reisetid frå Bergen er litt over ein time.
Møkster har flotte turområde med godt merka turstiar ut mot storhavet. Geopark Sunnhordland er ein spektakulær lokalitet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Møkster har vore busett iallfall sidan mellomalderen, då det òg vart bygd ei kyrkje, truleg ei stavkyrkje her. Denne kyrkja vart riven og erstatta av ein ny bygning i 1686. Denne vart i sin tur riven i 1892 og soknekyrkja vart flytta til Stolmen. Eit nytt kapell vart oppført i 1983.
På Bergen Museum finst det ein matkniv som er laga av lys grå flint. Kniven stammar frå slutten av yngre steinalderen eller tidleg i bronsealderen. Kniven vart funnen i Karidalen på Møkster.[1] Det er òg funn av ein flintdolk som går tilbake til eldre bronsealder.[2]
Folketalsutvikling:
| 1900[3] | 2000[4] | 2023[4] |
|---|---|---|
| 84 | 65 | 43 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kulturminne på Møkster - Matkniven i Karidalen», um.uib.no, henta 21. august 2025
- ↑ «Kulturminne på Møkster - Ein flintdolk frå eldre bronsealder», um.uib.no, henta 21. august 2025
- ↑ Folketeljing 1900 for Austevoll herred, frå Digitalarkivet
- 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
