Hopp til innhald

Stolmen

Stolmen
Geografi
StadAustevoll
Koordinatar60°00′00″N 05°04′50″E / 60.00000°N 5.08056°E / 60.00000; 5.08056
Areal7,9 km²
Høgaste punktSåta (60 moh.)
Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeVestland
Demografi
Folketal206 (2007)
Folketettleik26 /km²

Stolmen er den fjerde største øya i Austevoll kommune i Vestland. Som dei fleste andre øyer ute mot kysten er kjenneteiknet nakne knausar, lyngheier og litt skog. Det høgaste punktet på Stolmen heiter Såta og er om lag 60 meter høgt.

Busetnadane på Stolmen heiter Våge, Aarland, Stangeland, Mølna, Kvalvågen og Valhammar.

Øya hadde 206 innbyggjarar per januar 2007.

Stolmabrua går frå til øya Selbjørn. Då ho stod ferdig i november 1998 var ho den lengste fritt frambygg-kassebru i lettbetong i verda.

Det er gjort arkeologiske funn fra mellom anna vikingtida.

Det var stor tysk aktivitet på Stolmen under den andre verdskrigen. På det meste var over 1000 tyskarar stasjonert her. De bemanna observasjonspostar, radiostasjon og kystartilleri.

På 70-talet var det ein Decca-stasjon heilt sør på øya på Våge.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
167 243 2191 1701

1Med Hevrøya