Møsstrond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Møsstrond er eit 1055 km² stort kyrkjesokn i Rauland prestegjeld i Vinje kommune i Telemark. Det spreiddbygde soknet ligg kring Møsvatnet, og har i dag ikring 150 ibuarar, av dei er ca 40 utan vegsamband. Desse sistnemnde reiser av gard med snøskuter om vinteren og båt sommarstida. Båten går månadene juli-september i rute mellom Skinnarbu i søraust og Mogen i nordvest.

Etter Møsvatnet vart demd opp i 1904-06, vart Møsstrond kyrkje liggjande på ei øy kalla Hovden. På staden her var det i si tid brevhus og talestasjon. Også den siste internatskulen i Sør-Noreg heldt hus på den menneskeskapte øya. Folketalet var på det høgste kring 1950 med 177 ibuarar, og har sidan gått svakt nedover.

Mogen turisthytte i nordvestenden av Møsvatnet ligg i Møsstrond.

Plassar rundt vatnet[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]